Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
23. sep
 
Akademiske debattkrav
Språkdebatt

Publisert: 28.sep.2016 04:00
Oppdatert: 28.sep.2016 08:54

Det er ikkje alltid like «artig» å lese det ein får til svar frå Bjørn Kristen Ørbæk. Ein treng til tider sterk rygg for å delta i den offentlege debatten, i alle fall når nokon har vanskeleg for å skilje mellom sak og person.

I samband med den amerikanske valkampen ser vi no nesten kvar dag korleis Donald Trump prøver å rope, sparke og slå fordi han ikkje har gode nok argument. Den einaste løysinga frå verktøykassa for debatt-teknikk blir då forsøk på karakterdrap. Det er ikkje på dette nivået eg ønskjer å debattere.

Kjære Ki. Eg respekterer engasjementet og meiningane. Det hadde vore fint om du kunne konsentrere deg om å argumentere for saka i staden for å blande sak og person. Det er ikkje Haugan si språkverd. Det er ikkje Haugan som er sjølve nynorsken. Og det er ikkje Haugan som har skrive eller vedteke læreplanen. Det er heller ikkje målfolket sitt verk. Læreplanen Kunnskapsløftet 06 er den offentlege læreplanen, som er vedteken av Stortinget, og som har vore gjeldande i norsk skole i ti år.

Det er interessant at ein tidlegare lærar meiner at det er ein dårleg eigenskap å forsvare ein offentleg læreplan. Men eg jobbar faktisk i lærarutdanninga, og det er jobben min å respektere læreplanen; noko anna hadde vore tenesteforsømming. Vi kan gjerne vere kritiske og diskutere korleis ein skal tolke ulike delar av planen, men å kalle læreplanen for «vås», slik Ørbæk gjer, er ikkje noko som høyrer heime i den type debatt. I utgangspunktet er vel poenget i eit demokratisk samfunn at ein prøver å følgje lovene. Men det tyder sjølvsagt ikkje at ein ikkje kan arbeide politisk for å få endra visse lover ein måtte finne «urimelege».

Det er interessant at Ørbæk finn det bevist at ein fagperson ikkje har forstått noko som helst av sitt fagfelt. Det er også interessant at dess fleire gradar, titlar og høgare stilling ein måtte ha, dess mindre kvalifisert er ein til å kunne debattere. Derfor er det nok min eigen feil at eg kunne ønskje meg litt meir akademiske debattkrav i avisa. Ørbæk meiner eg er ukritisk, men mitt personlege kall er vel helst å få fleire til å bli kritiske til påstandar frå folk som bruker som hovudargument at dei er i fleirtal eller at dei er folk flest.

Språkdebatten dreier seg om forholdet mellom bokmål og nynorsk, og om ein kan, bør eller skal ha to norske skriftspråk. Debatten handlar ikkje om Ørbæk eller Haugan, kva dialekt ein pratar, eller kvar ein tilfeldigvis er fødd.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke