Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
22. sep
 
Alderspensjon for offentleg tilsette
Pensjoner.

Publisert: 30.sep.2015 04:00
Oppdatert: 30.sep.2015 08:32

Pensjonistforbundet og mange pensjonistar har vore lite tilfreds med at ektepar ikkje har fått utbetalt heile pensjonen dei har betalt inn medan dei var i arbeid. 12 prosent av pensjonen for kvar ektefelle har vore konfiskert etter vedtak i Stortinget.

Det er litt rørande å høyre at representantar for ungdomsparti er sterkt imot at pensjonerte innskytarar er imot eit framlegg frå regjeringa om å minske «straffa» til berre åtte prosent.

Pensjonistforbundet har i sitt program eit ønske om at beløpet som blir halde tilbake skal minskast, og at minste-pensjonistane her i landet skal få fordel av det. Minstepensjonistar utan oppsparte midlar lever under den teoretiske sveltegrensa.

For oss som tok utdanninga vår i dei første åra etter 1945 og betalte 10 prosent av den nominelle løna vår til Statens pensjonskasse, må det vere lov å minne om andre forhold eg tykkjer har noko med saka å gjere.

Statens hadde ikkje noko tilbod om låge studielån og langsiktig tilbakebetalingstid.

Stipendordningar fanst, bortsett frå siste studieåret, ikkje. Eg søkte, og fekk innvilga 300 kroner som skulle utbetalast med halvparten før og halvparten etter årsskiftet. Eg tente vel 10 kroner timen etter skatt ved å arbeide i tillegg til studia og opplevde tilbodet som skammeleg, og tok ikkje imot stipendiet.

Åra etter krigen førte til store endringar i skolearbeidet, som var mitt yrke. Nye fag og arbeidsmåtar var skulle innførast, og lærarar måtte tilpasse seg nye krav. Lærarorganisasjonen eg var medlem i, heldt kurs mange stader i landet. For min del var kurs i Oslo mest aktuelt, og det var mange dagsreiser frå Finmark. Vi var glade for at vi slapp unna kursavgift, men i det minste for oss som arbeidde i fattige kommunar, var det nok få som ville søke om reise- eller opphalds-tilskott.

Da vi fekk nytt lønssystem i folkeskolen på 50-talet, vart løna berekna ut frå undervisningstimar i året. Før låg veketalet i «små- og storskole» til grunn. Løna vart på same tid justert opp. Ein lærar nekta å ta imot lønsauken. Gjennomsnittsinnkoma for familiane i hennar kommune var nok ein god del lågare enn lærarinneløna.

Eg var tilsett frå 1. juli 1951 og fekk første løna i oktober.

Kommunkasseraren sa seg lei for at kassa var tom, og først etter at eg hadde skipa lærarlag med to medlemer i kommunen (berre utdanna lærarar som ikkje hadde vore medlemer i Lærarsambandet kunne vere medlemer i Norsk lærarlag. Organisasjonen varsla skoledirektøren, og han trua med å stanse statstilskottet (85 prosent) til skolane i kommunen om vi ikkje fekk løna vår.

Når eg hører om studentar som vel studiestad etter kaffetilbodet på studiestadene og ser og hører om russetid som kostar månadsløner, tykkjer at eg og mange kollegar har lite ære av historieundervisninga vår.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke