Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
23. sep
 
Behrens skil ord og handling

0
Publisert: 16.mai.2015 04:00
Oppdatert: 18.mai.2015 07:18

I HA 11. mai fekk eg svar frå Erling Behrens (Frp) på innlegget eg hadde om kvifor løysinga på sidemålsproblematikken er tidlegare start, meir og betre undervisning. I svaret frå Behrens får eg servert flotte ord om kor mykje han set pris på engasjert ungdom og at vi skal «nyte de ulike taleformer land og strand rundt». Vel og bra, men eg hadde håpa på noko meir konkret. Det er ikkje dialekter vi diskuterer her, det er faktisk ganske likegyldig for akkurat dette temaet. Spørsmålet her dreier seg om skriftspråka våre, og korleis vi skal forvalte dei.

Behrens hevdar at skuleelevar må finne seg i å lære algebra og gym sjølv om dei finn det demotiverande, fordi det er kunnskap som m.a. «gjør oss fysisk og psykisk i stand til å innta ny kunnskap.» Det eg reagerer på er at denne logikken ikkje ser ut til å gjelde for sidemålsopplæringa – og dermed òg nynorsken. Det er ein inkonsekvens som Behrens og partiet hans må stå til ansvar for.

Det viktigaste med sidemålsopplæringa er at ho sikrar den reelle jamstillinga mellom nynorsken og bokmålet. Dersom vi skal ta demokratiet på alvor, må vi respektere at det finst nynorsk- og bokmålsbrukarar, og utforme politikk som gjer at samspelet mellom språka og brukarane fungerer.

Spesielt er dette viktig fordi nynorsken er eit mindretalsspråk, der brukarane skal ha like stor rett til å bruke og å bli møtt med språket sitt. Det blir veldig vanskeleg dersom bokmålsbrukarane ikkje lærer nynorsk og omvendt.

Behrens lovar at Frp ikkje vil gjere nynorskbrukarane til andrerangsborgarar. Det er bra. Då må dei òg følgje opp med ein politikk som sikrar den reelle jamstillinga mellom språka våre og som sikrar ein reell fridom til å sjølv velje kva språk ein vil bruke.

Nestleiar i Norsk Målungdom

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke