Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
22. sep
BIBLIOTEK: På biblioteket er vi alle likeverdige, skriv Ragnhild Lied.Foto: Thomas Brun, NTB scanpix
 
Biblioteka - ein viktig arena for integrering
Bibliotek: I fjor kom det 30.000 flyktningar til Noreg. Når kommunestyra no skal utarbeide budsjettet for 2017, håper eg dei vil verdsetje biblioteka som den viktige integreringsarenaen dei er, skriv Ragnhild Lied.

Publisert: 06.nov.2016 14:20
Oppdatert: 07.nov.2016 07:27

Folkebiblioteka har hatt, og har framleis, ein sentral funksjon i folkeopplysninga og er ein viktig kulturberar. Biblioteka har vore flinke til å utvikle seg i tråd med samfunnsutviklinga og har tilpassa seg etter behova til brukarane og teknologiutviklinga som skjer. Det gjeld òg når nye samfunnsoppgåver oppstår. Biblioteka har eit samfunnsansvar for å stå for kunnskapsformidling, og dette ansvaret tar dei på alvor – uavhengig av bakgrunnen til brukarane. Det har vi sett gode døme på i kjølvatnet av at Noreg i fjor tok imot 30 000 flyktningar.

Ideen om biblioteka er nesten for god til å vere sann. Kvar elles i samfunnet kan ein gå inn, vere så lenge ein vil, få kyndig hjelp – heilt gratis – og ingen pressar deg til å kjøpe noko. Og viss du finn noko du liker – ja, så kan du ta det med deg heim. Du kan få nærmast alt du peiker på, det speler inga rolle om du har god eller dårleg råd. Det er ein unik verdi i seg sjølv. På biblioteket er vi alle likeverdige.

Det finst bibliotek i dei fleste land. I mange land speler biblioteka ei viktig rolle når kriser eller spesielle utfordringar oppstår. Den amerikanske biblioteksjefen Scott Bonner, som var i Noreg i januar, blei kåra til årets bibliotekar i USA etter at han under rasesamanstøytane i Ferguson heldt biblioteket ope og gjorde det til det vitale hjartet til byen mens unntakstilstanden herja. Biblioteket blei ein møteplass, ein stad for å få mat eller lade telefonen. Og ikkje minst ein stad for samtalar.

Mange av dei som kjem til Noreg som flyktning, har eit forhold til biblioteket frå før. Nettopp fordi biblioteka har denne posisjonen internasjonalt, har det vist seg at dei speler ei viktig rolle for flyktningar og immigrantar. Og fordi tilbodet er gratis, er det tilgjengeleg uavhengig av økonomien til folk.

I kommunane er biblioteka blitt viktige møteplassar, både for dei etnisk norske innbyggjarane og for dei som opphavleg kjem frå eit anna land. Her kan ein lese aviser, få tilgang til gratis Internett og ikkje minst få hjelp til å finne fram i det norske byråkratiet. Bibliotek har dermed utvikla seg til å bli ein viktig arena for inkludering. Bibliotek rundt om i landet har etablert språkkafear der framandspråklege kan møte norskspråklege for å snakke norsk, lære om norsk kultur og skape sosiale og faglege band. Det sistnemnde blir til dømes gjort gjennom konseptet «Lån ein nordmann», som er inspirert av modellen til den svenske kommunen Hultsfred. Konseptet er enkelt: Frivillige nordmenn stiller opp, og dei nyleg komne innvandrarane eller flyktningane kan velje seg ein person dei synest verkar interessant, og så drikke kaffi og prate med han eller henne i ein time. Det er verkeleg «instant» integrering i lokalmiljøet og det norske samfunnet.

Meld. St. 30 (2015–2016) «Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk», som regjeringa la fram i mai, legg òg vekt på biblioteka si rolle i integreringsarbeidet:

I tråd med regjeringens nasjonale bibliotekstrategi skal folkebibliotekene utvikles videre som debatt- og læringsarena, møteplass og formidlingsinstitusjon. Et bibliotek med gode tjenester vil være et sted der innvandrere og lokale kan komme i kontakt ved å delta på arrangementer og aktiviteter. Mange folkebibliotek samarbeider med organisasjoner, frivillige og lokale ildsjeler for å ha et lokalt tilpasset og relevant tilbud, blant annet i form av leksehjelp, dataopplæring, leseombud, språkkafeer, kvinnegrupper, skriveverksted og lesesirkler.

Det er flott at regjeringa er opptatt av biblioteka si rolle. Men når det kjem til stykket, er det kommunane som skal setje av pengar til å drive folkebiblioteka. Dei tilsette på biblioteka har mange gode idear til tiltak, men dei er avhengige av at det blir sett av pengar til dei. For det krevst ei bevisst satsing på å «løfte inn» nye brukargrupper i biblioteket. Det krevst ny kompetanse hos dei tilsette og ikkje minst satsing frå dei frivillige og kommunane.

Forskarar ved universitet Yale i USA har forska på lesevanane til 3600 personar i over femti år, og dei meiner til og med at dei kan bevise at folk som les bøker, lever i snitt to år lenger enn dei som ikkje les. Alt heng saman med alt. Når ein prioriterer bort kulturtilbod, er det fordi ein ikkje ser – eller vil forstå – at levevilkår og livskvalitet er avhengig av meir enn det som kan målast i pengar, meir enn det som kan kvantifiserast, talfestast og setjast to strekar under.

Vi ønskjer at biblioteka skal få ei meir formell rolle, og at oppgåvene og verdien til biblioteka blir endå meir synlege. Unio vil derfor jobbe for utvikling av eit opplegg frå statleg hald som introduserer flyktningane og immigrantane for tenestene til biblioteket, og øyremerkte midlar til vidareutdanning for bibliotekarar for å gjere dei fagleg tryggare på kva behov flyktningane har når dei kjem til biblioteka. Og ein erfaringsbank der kommunane kan dele kunnskap og erfaringar for å nå eit «best practice»-nivå.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke