17. sep
Illustrasjon: Årleg innfallende solenergi mot jorda, påviste fossile energireserver og årleg globalt forbruk av kommersiell energi.
 
Biodrivstoff kan vera ei god løysing
Trond Kjernli og eg synes å vera samde i det meste når det gjeld bruk av energi. Men når han seier at biodrivstoff ikkje er ei varig løysing, kan han lett misforståast.

Publisert: 31.mar.2017 22:21
Oppdatert: 31.mar.2017 22:44

Seinare i innlegget sitt seier han nemleg at vi i framtida må satsa på vasskraft, vind og bårer. Det må vi fordi dette er utnytting av solenergi. Men det er også biodrivstoff og solceller. Og alle desse energiformene har ei grense for utnytting, som mengda regn og plass for høgdemagasin når det gjeld vasskraft, og når det blir mange vindmøller, bremsar dei vinden for kvarandre, så vi får mindre vind.

Jordoverflata kan vi heller ikkje dekkja med solpanel. Da blir det mørkt og utriveleg for oss som skal leva under dei. Den totale solinnstrålinga er det her som set grenser for oss, men det er fleire tusen gongar den energimengda Verda brukar. (sjå figur frå fornybar.no)

Det fine ved bruk av solenergi, er at den bidrar ikkje til temperaturauke på Jorda. Utan menneske på Jorda hadde jordoverflata innstilt seg på ein temperatur som hadde gitt like stor energiutstråling som solinnstråling. All bruk av energi, også solenergi, gir til slutt varmeenergi, som vi merkar ved temperaturen rundt oss. På vegen frå lys til varme, kan vi utnytta energien mange gonger, utan at den blir til meir varme enn om menneska ikke hadde vore til. For det meste nyttar vi solenergien til straum, som vi alle synes er svært nyttig. Unntaket er biomasse, der vi menneske berre har ei indirekte rolle.

Men varmestrålinga frå Jorda er meir langbølga enn innstrålinga (i hovudsak synleg lys). Denne langbølga varmestrålinga blir sterkare reflektert av glasruter, og av luft som inneheld vatn og CO2. Dette merkar vi tydeleg i drivhus, derfor omgrepet drivhuseffekten. Vanleg lys går lett gjennom glas!

Da Jorda var ung, hadde ho ei atmosfære som inneheldt mykje CO2 og lite oksygen. Dette vart mat for plantene som etter kvart kom, og dei produserte oksygen og biomasse. Dermed vart det også levelege vilkår for dyr, og etter kvart menneske. Den enorme biomassen som vart skapt av desse første plantene, var det ikkje nok nedbrytarar til å ta seg av, så dei danna jordsmonn, myrer og botnfall i hav og sjøar, og etter millionar av år hamna dette under fjell og sediment, og er i dag olje, kol og gass. Dette er naturens bankinnskot som gjer at vi i dag har ei høveleg atmosfære å pusta i. Får vi tak i alt dette og brenner det opp, risikerer vi å igjen få ei atmosfære som berre planter kan leva i.

Biomasse blir produsert av ein del av det lyset som kjem frå Sola. Problemet vårt er at vi har så mykje å bruka den til. Først og fremst vil vi bruka den til mat og ved. No vil vi altså også bruka den til å køyra bil med. Da blir det i konkurranse med vårt daglege brød. Det er enda mange år før dette spissar seg til, så kanskje får vi ei tid oppleva at fly, båtar, anleggsmaskiner og krigsvåpen nyttar biodrivstoff. Bilane våre må nok som Kjernli seier nøya seg med straum eller hydrogen produsert av vindmøller.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke