Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
23. sep
 
Bioparafin er rundt hjørnet

Publisert: 16.apr.2018 14:34
Oppdatert: 16.apr.2018 14:47

I fjor vart vi som fyrer med olje eller parafin, inviterte til infomøte i kommunestyresalen i Hamar. Der fekk vi vita at bruken av desse fyringsalternativa skulle vera slutt i 2020. Svært få alternativ basert på flytande brensel vart lanserte, særleg for oss som fyrer med parafin. Ifølge «Hus og Bolig» (organ for Huseiernes Landsforbund) kunne det derfor bli nødvendig for 75.000 til 130.000 husstander å kaste ut fyringsanlegget sitt.

Bruk av flytande brensel er ein særs praktisk og elegant fyringsform, og å kunne bruka alle desse anlegga vidare, vil spara folk og samfunn for store kostnader, og forhindra eit nytt søppelberg. Det er derfor svært gledeleg at bioparafin no er tilgjengeleg på Austlandet, førebels i Oslo og Akershus. Og denne bioparafinen kan ifølge leverandøren «energi1olje», brukast som den er på våre parafinkaminer.

Hus og Bolig skriv 4. desember 2017 at før du skiftar til bioparafin, må tanken din renskast og brennaren justerast. Dette bør gjerast av fagfolk, men det er ein overkomeleg kostnad.

Da kan vi sjå fram til at denne bioparafinen blir tilgjengeleg også i Hedmark om ei ikkje alt for fjern framtid!

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke