17. sep
 
Bør framleis ha fast plass i skolen

Publisert: 05.apr.2018 13:42
Oppdatert: 05.apr.2018 13:46

Læreplanen i norsk skal reviderast og gjerast meir «relevant», og ein ønskjer derfor blant anna å leggje mindre vekt på språkhistorie.

I lærarutdanninga har vi framleis språkhistorie, og student Lysen skreiv stolt i ei oppgåve at etternamnet hans tydde at ein fjern forfar var son av Ly. Det kan vere freistande å tru at alle etternamn på -sen tyder «son av», jf. Olsen, Hansen, som jo tyder son av Ole og son av Hans.

Ein må vere bevisst på at lydar og ord kan endre seg over tid. Lange namn får over tid ofte færre stavingar, til dømes Johannes, som kunne bli til Johan, Jon, Jan, Jens, Hannes, Hans, eller Margareta, som kunne bli til Margrete, Marit, Marte, Grete, Rita, berre for å nemne nokre variantar.

Då Noreg blei busett, refererte ein gjerne til ulike stader ut ifrå naturen rundt, t.d. berg, dal, haug, elv, sjø. Når ein så skulle vise til ein person som budde på den eller den staden, blei det gjerne til Egil på Berg eller Sigurd i Dal. Sidan ein hadde eit språk med kasus, brukte ein dativ i samband med staden, og ein fekk då stadnamn (og dermed etternamn) som vi i dag kjenner som Berge, Dale, Hauge.

Når det gjeld naturnamn, er det ikkje naturleg å setje på -son/-sen, sidan ein jo ikkje er son av eit berg eller ein dal. Dei såkalla sen-namna står helst etter eit førenamn. Så student Lysen si tolking av etternamnet er nok «folkeetymologi». Det finst ikkje så mange førenamn som liknar på Ly. I beste fall kunne det vere ei redusert form av Lyder, jf. Lydersen. Men meir sannsynleg er det at namnet faktisk er mykje eldre, og at det ikkje viser til ein person i det heile.

Dersom ein deler opp namnet i lys + en, får ein plutseleg fleire andre moglege tolkingar. Lys er eit adjektiv vi kjenner igjen i moderne norsk, og endinga -en er til dømes ofte ein reduksjon av det gammalnorske ordet vin (eng), jf. Bjørgvin, som jo utvikla seg til Bergen.

Dersom ein ikkje er språkvitar, finst det ei rekkje kjelder ein kan bruke for å finne ut av tydinga til etternamnet sitt. Sidan det ikkje er så mykje plass her, vil eg berre nemne «Norsk etternamnleksikon» (Det Norske Samlaget). Når det gjeld etternamnet Lysen frå Kongsvinger-området, finst det rett og slett ein innsjø der som er opphavet til dette namnet. Innsjøar blei ofte karakteriserte ut frå storleiken, til dømes Storsjøen, eller ut ifrå om dei var gode fiskevatn eller ikkje, eller også fargen, t.d. Svartvatnet. I dette tilfellet er det ein lys innsjø, og han blei kalla «den lyse», av norrønt ljóss.

Plutseleg er språkhistorie relevant, og etternamnet er knytt direkte til ein lokal stad med kanskje 2000 års historie i staden for til ein mystisk person «Ly», som aldri har eksistert. Språkhistorie bør framleis ha sin faste plass i skolen.

Dosent i norsk, Høgskolen i Innlandet

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke