Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
21. sep
 
Bruken av dialekt
Det er ikkje sikkert Truls Gihlemoen (HA 11. april) ønskjer støtte frå Hamar dialekt- og mållag, men det kan jo hende at ein ikkje er så ueinig om nokre saker som ein skulle tru.

Publisert: 16.apr.2019 14:49
Oppdatert: 16.apr.2019 15:39

Det er lett å tenkje på målfolk som nynorskingar, som ein tidleg har lært å mislike av ulike grunnar. Dei fleste mållag er derimot gjerne såkalla dialekt- og mållag. Når det gjeld Hamar dialekt- og mållag, har vi svært mange medlemmar som faktisk ikkje bruker nynorsk som skriftspråk, men som ønskjer å vere med i eit lag som støttar dialektene og språkleg mangfald. Lokallaget har nesten 70 medlemmar frå Hamar, Stange, Ringsaker og Løten og også nokre stader lenger unna.

Noreg har to målformer som representerer norsk skriftspråk, bokmål og nynorsk. Men norsk er ikkje berre skriftspråk. Det norske språket er representert av eit hundretal dialekter og sosiolekter. I motsetning til mange andre land har ikkje Noreg eit offisielt standardtalemål, sjølv om det i praksis ser ut til at mange stillteiande aksepterer eit bokmål- og austnorskbasert talemål som ein slags standard i visse situasjonar.

Sidan Noreg er eit moderne kommunikasjonssamfunn, bruker ein mykje meir skriftspråk enn nokon gong tidlegare i historia. Dette fører til at fleire og fleire justerer talespråket sitt i retning av skriftspråket. Ein kallar dette gjerne for å normalisere, som om det å prate skriftspråk var meir normalt enn å prate den lokale dialekta, som ein har vakse opp med. Dialektbrukarar vil kanskje heller kalle det for å «knote».

Dialektene har same utfordringa som nynorsk som skriftspråk. Når det blir færre som pratar dialekt, vil det bli stadig vanskelegare for dei som er igjen, å halde på dialekta. Dess fleire som gjev slepp på dialekta si, dess lettare vil det vere for andre å påstå at ein jo har gjort dette frivillig, og at det er fordi dialektene ikkje kan brukast til det same som eit «danna» talemål, dvs. skriftspråkbasert talemål.

Det er uakseptabelt å bli mobba for å bruke dialekt (eller nynorsk) i nokon samanhengar, og det finst heller ikkje nokon dialekter eller målformer som er penare eller styggare eller betre eller dårlegare enn andre. Når det er sagt, er det også noko den enkelte kan gjere ved å ta i bruk fleire dialektformer i skriftspråket. Ordbøker er ikkje noko fasit. Ordbøker prøver gjerne å få med dei mest vanlege orda, men dei har ikkje plass til alle orda som faktisk finst.

For bokmålsbrukarar frå området her kunne det vere ein idé å starte med å skrive mjølk i staden for melk. Mjølk er faktisk sidestilt med melk i bokmål, men det er svært få som bruker denne forma i skrift. Då er det kanskje ikkje så rart at yngre folk trur mjølk ikkje er eit godt nok ord utanfor heimen.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke