hacklink
18. sep
BY: Bustader kombinert med handel.Foto: Vegard Wivestad Grøtt, NTB scanpix
 
Bygg fleire bustader kombinert med næring
Vi må byggja fleire bustader i kombinasjon med handel og småindustri.

Publisert: 05.mar.2018 16:42
Oppdatert: 05.mar.2018 16:49

Ein skal ikkje reisa langt for å sjå at på flatlandet rundt byar og tettstader er kilometer etter kilometer okkupert av kvite, einetasjes industri- og forretningsbygg. At desse bygga ligg i flatt lende, gjerne på tidlegare dyrkamark, vitnar om at dyrkamark er for billeg, at arkitektane ikkje lagar løysingar for å leggja slike bygg i skrånande terreng, og at kommunane ikkje tek matjordsproblematikken alvorleg nok.

Det må gå an å laga fleire kombinasjonsbygg, der parkering blir lagt i kjellaren, verksemder som eignar seg får første etasje og eventuelt andre etasje, og husvære og kontor av ulike slag får etasjane over. Betre utnytting av areala må vera eit minstekrav viss ein skal byggja på matjord, slik som ved Olrudkrysset.

I staden for at ein byggjer eit reint industri og handelsområde, bør det bli eit kombinert bustads-, handels- og jobbområde. Ved at arbeidsplassar og bustader blir samlokaliserte, vil ein med tida får til ein reduksjon av talet på jobbreiser, og dermed mindre bilbruk. Viss slike kombiområde blir etablerte utanfor eksisterande tettstader, må gode offentlege kommunikasjonar til sentrum vera på plass frå dag ein.

Hamar bør ta dette med i arbeidet med fortettingsplanane sine. Asplan Viaks har foreslått å fortetta allereie eksisterande område med låge industribygg, som Stormyra med Maxi, Midtstranda og ved Vikingskipet. Mykje av dei verksemdene som driv her, kan godt halda fram i underetasjane i ei bustadblokk. Og med bilane i kjellaren, kan det bli plass til fine grønt- og uteareal mellom eller bak blokkene. Ein bensinstasjon kan godt ligga under ei bustadblokk som delvis står på pilarar.

Elles bør jo den fortettinga av kvartalstrukturen vi ser i dag, halda fram. Dette vil frigjera eit jamn straum av ledige småhus innafor den kompakte byen, ved at folk som blir eldre let seg freista av ein enklare tilvære i ei sentral blokk.

I Transportøkonomisk Institutt si undersøking av «Langpendling i InterCity-triangelet» frå 2012 kjem ei interessant bodskap fram: Dei som pendlar til Oslo, fekk spørsmål om kvifor dei orkar den lange pendlarvegen. Av dei som budde innafor gang- og sykkelavstand til stasjonen i mellom andre byar som Hamar, svarte 40-50 prosent at dei «ønsker å bo sentralt/urbant i en liten by». Det er ei utsegn som det er verdt å ta med seg i den vidare debatten om korleis Hamar skal veksa. Byen kan mista sin sjarm og tiltrekkingskraft viss vi let byen berre bre seg jamt utover jordbruksområda rundt.

I ein slik by vil ein bli avhengig av bilen, viss ein da ikkje er så heldig å få ei bussrute i nærleiken. Vi ønskjer oss ein kompakt, urban by der dei fleste har kort veg til sentrum og Mjøsa.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke