Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
23. sep
Skole. Skolen. Står Ja til nynorsk på tavlen. Tavla. Tavle. Skolene. Kritt. Svamp. Skolereformen. Kvalitetsreform. Kvalitetsreformen. Pedagogikk. Reform. Læreryrket. Ungdomsskolen. Grunnskolen. Skolepolitikk. Målføre. Språk. Skriftspråk. Muntlig. Debatt. Skoledebatt. Sidemål. Debatter. FOTO: SCANPIX Original bildetekst:
 
Dårleg sidemåls-undervisning er ei bremse

0
Publisert: 01.des.2015 04:00
Oppdatert: 01.des.2015 08:16

Cordelia Bardalen og Maren Helberg frå Hedmark Unge Høgre ivrar for valfritt sidemål i HA 30. november. Dei meiner at å lære begge dei to norske språka bør vere valfritt, og hevdar at obligatorisk sidemål er eit hinder for svakare elevar. Eg er samd i at sidemålsundervisinga bør bli betre, men usamd i premissa deira. Sanninga er at sidemålsundervising er ein grunnleggande del av norskfaget – og at tidleg start med sidemål og sidemål i andre fag enn norsk er framtida.

Me har sidemålsundervisinga for at alle skal kunne båe dei norske språka. Det er slik me sikrar oss at alle kan jobbe både i nynorsk- og bokmålsområde, og det er slik me sikrar at nynorsk- og bokmålsbrukarar kan samarbeide på båe språka. Ikkje minst har me sidemålsundervisning for å sikre at fleirtalet skal kunne mindretalet sitt språk, slik at mindretalet har fridom og rett til å bruke språket sitt. Difor er det å lære sidemål obligatorisk del av norskfaget, og det bør det halde fram med å vere.

Bardalen og Heiberg meiner at det er tvang å lære sidemålet sitt. Men er ikkje nesten alt på skulen er tvang? Nokre fag og kunnskapar skal alle i Noreg lære på skulen, uavhengig av kva me tykkjer og om me får direkte nytte av det seinare i livet. Eg tykte det var vanskeleg og keisamt med algebra på ungdomsskulen. Men i dag ville eg ikkje vore utan denne hjernetrimmen. Slik er det med mange ting me lærer på skulen – det er obligatorisk fordi det er ein del av danninga me treng.

Det er feil å skuve unge med skrivevanskar føre seg når ein argumenterer for valfritt sidemål. For det fyrste har elevar med dysleksi og som ikkje har norsk som fyrstespråk høve til å få fritak frå vurdering i sidemål. For det andre skjer den grunnleggjande språklæringa på hovudmålet på barneskulen. For det tredje finst det inga forsking som stør at det er skadeleg å lære sidemål. Derimot tyder det meste av språkforskinga på det motsette: Det å lære fleire språk er bra for elevane, sjølv om språka er so like som nynorsk og bokmål.

Difor bør me gje elevane betre sidemålsundervising. Tidleg start med sidemål og sidemål i andre fag enn norsk er to måtar å gjere dette på. Tidleg start med sidemål byggjer på den enkle lærdomen at dei yngste lærer språk best. Dette har vore testa ut i fleire fylke, og der syner det seg at bokmålselevar vert betre i bokmål av å starte tidleg med nynorsk. Sidemål i andre fag enn norsk fungerer veldig bra på ungdomsskulen, og hadde stor suksess på Holmlia ungdomsskole i Oslo.

Det er på tide fleire skular testar ut tidleg start og sidemål i andre fag enn norsk. Slik kan me saman erstatte frustrasjon med kompetanse, og gje elevane den kunnskapen dei treng i framtidas Noreg.

Sentralstyremedlem i Norsk Målungdom

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke