16. sep
GAZA: «Kjensla av hjelpeløyse pregar dei utarma palestinarane». foto: REUTERS/NTB SCANPIX
 
Dei gløymde barna i Gaza by
Skrivekonkurransen: 100 000 heimlause, 2000 drepne. Søvnlause, traumatiserte barn som tissar på seg.

0
Publisert: 21.apr.2015 04:00
Oppdatert: 21.apr.2015 07:18

Dette er røynda på Gaza-stripa snart eitt år etter krigen. På den vesle kyststripa Gaza, med omtrent same storleik som Hamar kommune, bur det nesten to millionar palestinarar. I fjor vart innbyggjarane bomba av israelske styrkar i 50 dagar. Resultatet var 2000 drepne - av dei 500 barn. 100 000 vart heimlause, og å byggje alt opp att vil ta fleire tiår. Bombinga av Gaza fekk ei enorm merksemd i media, og brutale krigsbilete gjekk verda rundt.

Fotografane og reporterane har forlate Gaza no. Folket i Gaza sit att åleine, utan nokon som fortel om lidingane deira etter krigen.

For meg er det ufatteleg at vi kan gløyme noko så hjartelaust, så fort. Eg hugsar fortvilinga og frykta eg såg hos det palestinske folket i fjor sommar. Eg hugsar grushaugane som brukte å vere bustader. Eg hugsar fedrane som leitte etter det som ein gong hadde vore ungane deira i desse haugane.

Gløymsla er farleg. Gløymer vi denne krigen, aksepterer vi at den fann stad. No er palestinarane overlatne til seg sjølve.

Dei treng enorme ressursar for å byggje opp att Gaza. I staden for å hjelpe til når palestinarane treng det som mest, har verdssamfunnet snudd ryggen til.

Israel og Egypt har i fleire år stengt grensene mot Gaza, slik at dei har kontroll over alt som kjem inn og ut. Folk kan ikkje fritt passere grensa, og ein får ikkje eingong frakte inn nok materiale til å byggje opp att ruinane.

Det er ikkje utan grunn at Gaza blir kalla verdas største fengsel. Barna på den krigsherja kyststripa fortener betre enn å vere avskorne frå omverda. Dei fortener ei framtid å håpe på.

Aggresjonen veks di lenger blokaden varer. Å sjå at israelske fly patruljerer luftrommet kvar dag, å oppleve at israelsk marine sperrar fisket utanfor kysten, er provokasjonar som nører opp under eit sinne som har ulma over lang tid.

Kjensla av hjelpeløyse pregar dei utarma palestinarane. Det som blir bygt opp, langsamt over tid, vert rive ned straks det kjem ein ny konflikt med Israel. Når ungdommen ikkje ser ei framtid, er det grobotn for raseri.

Verda er ikkje svart-kvit: Israel meiner det er viktig å blokkere Gaza for å verne om sin eigen tryggleik. Det er forståeleg, for styresmaktene på Gaza-stripa har korkje vore fredelege eller demokratiske.

Likevel tyder lite på at ein blokade er klokt på lang sikt. Ein kan like gjerne snu på problemet og spørje seg: Om situasjonen held fram slik som no, om blokaden held fram, og om den oppveksande generasjonen stadig må leve eit uverdig liv utan fridom, vert det mindre hat og vald? Vert ikkje blokaden heva, risikerer vi at situasjonen akselererer i framtida.

Noko må gjerast med valden, og gjer vi ingenting, vert det berre verre. Kvart barn som må vekse opp merkt av krig, ber på ein ufatteleg tragedie.

Tusenvis av barn slit med traume, søvnløyse, og ikkje minst eit sterkt sakn etter dei som vart borte under bomberegnet i den kvelande sommarvarmen.

Vi kan ikkje endre på det som har hendt, men vi kan gjere noko med framtida: Kvar einaste ein av oss er med på å skrive denne historia.

Kanskje er det håp for krigstrøytte barn likevel?

Denne teksten fikk tredjepremie på 500 kroner i årets skrivekonkurranse. Den ble arrangert for sjette år på rad, i samarbeid mellom Høgskolen i Hedmark, Hamar Arbeiderblad, Gravdahl bokhandel og Hamar dialekt- og mållag. I år var både sjanger og tema fritt. Vinneren sto på trykk lørdag og andreplassen i går.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke