buy Instagram followers
Evden eve nakliyat Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
istanbul evden eve nakliyat
hacklink
paykwik
justin tv
paykasa paykwik
20. okt
 
Derfor skal vi lære nynorsk
Elevane Herman og Neusha lurer på kva vi eigentleg skal med «nynorskfaget».

Publisert: 09.okt.2019 11:25
Oppdatert: 09.okt.2019 14:34

Det er kjempeflott at elevar deltek i samfunnsdebatten, og eg vil gjerne komme med nokre svar.

Eg bruker sjølv nynorsk. I verste fall kan det resultere i at nokon ikkje gidd å lese teksten min. Det er i seg sjølv eitt svar på spørsmålet om kva vi skal med nynorsk.

Dei som bruker nynorsk, skal også kunne delta i samfunnsdebatten på lik linje med dei som bruker bokmål. Vi har to valfrie, offisielle skriftspråk, og då skal ingen bli diskriminert på bakgrunn av målforma ein vel å bruke.

Herman skriv om «nynorsk-faget». Nynorsk er ikkje eit eige fag. Bokmål, nynorsk, dialekter, språkhistorie, litteratur, sjangerlære, tekstforming og mykje meir er delar av norskfaget, også kalla morsmålsfaget.

Dei som har nynorsk som hovudmål, kallar då heller ikkje sidemålsdelen for «bokmålsfaget». Nettopp fordi vi har to offisielle norske, samfunnsberande skriftspråk, som er vedtekne ved lov sidan 1885, er det naturleg at ein skal lære å bruke begge.

Når Herman ramsar opp verb- og substantivbøying som hardt arbeid, kan det kanskje vitne om at det har vore så som så med grunnleggjande grammatikk generelt fram til no.

I staden for å klage på sjølve nynorsken kunne ein kanskje heller klage på at ein ikkje har fått god nok opplæring i skolen fram til no.

Det er interessant at også matematikk blir trekt inn i argumentasjonen. Ein les aldri hos dei som argumenterer mot nynorsk, at dei meiner delar av matematikken er vanskeleg eller unødvendig, og at ein aldri får bruk for det.

Og mens nynorskkarakteren blir sett på som eit problem, ser det ikkje ut til å vere noko problem at ein må ha minst fire i matte for å kunne komme inn på til dømes lærarutdanninga.

Det er kjent at mange elevar ikkje skjønner korfor ein skal ha nynorsk. Men det er ikkje nødvendigvis nynorsken sin feil.

Det kan også ha å gjere med at lærarane ikkje alltid har klart å formidle alle aspekta ved å ha to norske skriftspråk. Ein kunne kanskje prøve å utfordre læraren sin i staden for å be om at nynorsken forsvinn.

Det er elles ei misoppfatning at det berre er ein liten del i Noreg som «snakkar nynorsk». Nynorsk og bokmål er normerte skriftspråk og ikkje talespråk. Normert tyder at nokre få menneske har blitt einige om korleis «alle» skal bøye og skrive.

I utgangspunktet vil det då vere svært få som snakkar skriftspråk. Men fordi det finst dei som trur at skriftspråk er meir korrekt enn talespråk, vil det alltid vere nokon som «normaliserer» mot skriftspråket.

Ut frå språkhistorisk terminologi snakkar «alle» nynorsk i dag, sidan nynorsk er språksteget etter gammalnorsk og mellomnorsk. Men (ny-)norsk har altså to normerte skriftformer.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke
evden eve nakliyat