Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
20. sep
 
Det må lagast kvoteordningar

Publisert: 08.nov.2017 15:29
Oppdatert: 08.nov.2017 15:29

Det er sau og lamekjøtet som utfordrar omsetnaden og prisane stupar. Dei som avlar opp store flokkar med lam kjenner seg rådlause med det som skjer.

I 1945 – 1950 var alt under utfordring om å auka sauetalet. Kjøt og ull var varer med store førebokstavar, og omsetnaden gjekk lett. Men også den gongen måtte om lag 50 prosent av sauekjøtet lagrast på fryselager. I tillegg måtte me taka imot etter kulturavtalen med Island ei mengd sauekjøt som då toppa over vår eigen produksjon. Alt dette gjekk unna etter kvart til ny produksjon på neste haust.

Kva skjer i dag? Stopp investeringa i nye sauefjøs, ropar dei som ser på dette utan å koma med tiltak og løysningar. Landbruksministeren meiner dette ikkje er løysinga, han meiner folk må få fornya bygningar og utstyr i drifta. Då er eg så fri at eg støttar denne tanken.

Når me no ser på kva landet byr fram av gode utmarks og fjellbeiter er sauen den beste til å hausta dette. Men kva med svinekjøt og kjukling? Er det ikkje her eit stort problem i overproduksjonen? Det me mest av alt treng, er eit oversyn over kor mye desse produksjonane utgjer i marknaden. Desse dyreslaga treng høgkonsentrerte fôremne, dei finst ikkje i utmark og fjell.

Ein fornuftig utvikling med tanke på å nytta mest heimeavla fôr, og på den måten gjera oss meir sjølvberga i matsituasjonen, vil alltid vera grunntanken i norsk landbruk. Då er det spørsmål om organisert produksjon, i kampen mot overproduksjonen av mjølk kom kvoteløysinga opp. Dette vart ein garanti for mjølkeprodusentane på at alt som gjekk til å fylla kvoten fekk den avtala prisen, og den som produserte over fekk prisen etter verdsmarknaden. Den var ofte halvparten av den avtala hadde.

Situasjonen nå er at marknaden i Noreg er overfylt, og det gjeld ikkje berre sauekjøt. Fjørfe og gris kan koma i same problemet. Derfor bør det koma oversyn over kor mye det norske folket bruker av desse kjøtslaga i året og så laga kvoteordningar slik at ein slepp unna prisfall og konkurransen der produsenten sit att med skjegget i postkassa!

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke