Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
22. sep
 
Det norske språket

Publisert: 27.mai.2015 04:00
Oppdatert: 27.mai.2015 09:56

Det unike ved den norske språksituasjonen er den stegvise fornorskinga av det danske skriftspråket. Det finst ikkje maken. Og dette er ein stridig prosess, med spenningar heile vegen: Kor langt skal det nye skriftspråket fjerne seg frå dansk skriftspråk? Kva for sosiale grupper og kva for regionar bør bestemme normeringa?

I si tid kjempa Arnulf Øverland mot det han hånleg kalla «nednorsking»: «Og husk på at ‘bokmål’ er ikke noget sprog, men en chikane,... dette offentlige klovneri.» Lars Roar Langslet skreiv festskrift for Riksmålsforbundet, med tittelen «I kamp for norsk kultur» - ikkje «for norsk språk», rimeleg nok, for Riksmålsforbundet vart jo stifta til forsvar for eit dansknært språk. «Bokmål og samnorsk ble heretter jevnbyrdige navn på det riksmålsbevegelsen bekjempet.»

Per Petterson er ein forfattar med eit suverent språk, og eit levande bevis på at riksmålsaktivistane, med Øverland i brodden, tok skammeleg feil da dei stempla «bokmålet» som «ubrukbart» og «vulgært». Til påminning: Per Petterson har fått 11 nordiske og fem internasjonale prisar. Han er omsett til 50 språk.

Fram mot 2005 ivra riksmålsrørsla for å få oppheva skiljet mellom kjerneformer og klammeformer i bokmålet. Målet var klart: Det måtte bli tillatt å bruke fleire dansknære former, til dømes ved at alle norske hokjønnsord skulle kunne omgjerast til felleskjønn – kuen, huldren, merren, hurpen, våronnen, på fyllen, ta rotten på.

Men dette førte til at bokmålet fekk ei uhorveleg mengd med dobbeltformer. Ironisk nok. For tilhengarane av bokmål med dansknære former har alltid kjempa for ei stram norm. Og dei har kritisert nynorsken for å vere vanskeleg fordi det var for mange valfrie former (før 2012). Men etter frisleppet for dansknære former i bokmålet, er det bokmålet som formelt sett har fått eit vilt kaos av lovlege former.

Ta setninga: «ei lita jente kasta dokka si djupt nedi graset på framsida av løa der kua beita». Det er berre éin måte å skrive denne setninga på, på nynorsk. Kor mange måtar på bokmål, formelt sett, etter frisleppet? Svar: to i trettande potens. Altså, 8.192. Kort sagt, bokmålnormalen er i dag så vid at det opnar for eit vilt kaos. Det opnar for at bokmål kan framstå som to målformer: Kåre Willochs språk og Per Pettersons språk.

Derfor er det tilslørande når det blir tala om riksmål/bokmål som eitt harmonisk språkfellesskap. Så enkelt var det ikkje og så enkelt er det ikkje.

For bokmålet er det to vegar å gå: anten å stramme inn på bokmålsnormalen, t.d. slik at vanlege hokjønnsformer - kua, øya, hytta, etc. – blir éineformer, eller å skilje mellom «bokmål» og «bokmål med dansknære former», som to målformer.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke