17. sep
 
Ein sakleg jarnvegsdebatt

0
Publisert: 27.aug.2015 04:00
Oppdatert: 27.aug.2015 07:11

Ein viktig metode for å greia å ta standpunkt i vanskelege saker, er å framstilla løysingar som ein er intuitivt usamd i, med så sterke og usympatiske farger at alle berre må forkasta dei. Dette er ein klassisk måte å gjera ein debatt usakleg. Dette gjeld diverre også debatten om kvar jarnvegen skal gå gjennom Hamar.

Svært tydeleg var dette 20. august i HA, der Live Giset og Trond Kjernli er ute etter framheva si løysing. Kjernli er ute etter å ta Rolf Berntsen for å ha slurva med fakta. I dette innlegget seier Kjernli at nedsenka H1 «bare kan realiseres gjennom en sammenhengende utbygging frå sør i Stange til Brumunddal, og dette er ikkje planlagt før etter 2024».

Ein senka H1 er rimeleg lett å starta på nordsida av Åkersvika, og avlutta nord for Furuberget. Dette har eg vist i tallause innlegg i HA dei siste åra. Og bygginga av dobbeltsporet skal vel vera ein kontinuerleg prosess, som ikkje må ha ein lang pause når det når Hamar stasjon? Formuleringa til Kjernli får ein lesar til å tru at ein nedsenka H1må vera så djup at ein må starta nedgravinga tre mil sør for byen og avslutta 15 kilometer nord for byen. Men han held seg i alle fall for god til å seia at sporet må liggja fem etasjar under noverande stasjon, som eg også har høyrd i argumenteringa mot nedsenka H1.

Men eg gir Kjernli rett i at det også er usakleg å framstilla det austlege alternativet med berre den varianten at sporet og stasjonen som skal liggja sju meter over bakken. Med 300 meter lange perrongar verkar dette monsteraktig. Den andre varianten er jo at det er vegane som må opp i lufta! Og når vi har sett den fine brua over Rørosbanen, er jo det mindre skremmande.

Live Giset og mitt gamle parti, Venstre vil jo ha alt som har med vestlege spor bort. Og det er lettare å vera samd med henne viss det ho seier er rett: Ho seier at sporet vestover må vera 20 meter breitt, gå 0,5-1,5 m høgare enn no, og ha ein 2-2,5 meter høg betongmur over dette igjen, innafor sporet langs heile traseen forbi byen. Ja, dette er klårt vi må gå imot, alle som ein. Men kor har ho dette frå? Skal sporet over stasjonen også hevast opptil 1,5 meter? Skal det gå fire spor vestover frå stasjonen? Må jarnvegen støyskjermast?

Det er fristande å avslutta med Kjernlis avslutningsord til dei som enda ikkje har teke avstand frå ei løysing vestover: «Det at de hele tiden må rakke ned på andre alternativ, framfor å framheve sitt eget, det viser vel bare hvor lite de har å fare med».

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke