Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
23. sep
 
Eit «solid» barnevern?

0
Publisert: 16.jun.2015 04:00
Oppdatert: 16.jun.2015 07:16

Under overskrifta «Et solid barnevern» har Olav Neerland kommentert det eg skreiv om barnevernet, men diverre utan å ta det eg verkeleg skreiv opp til debatt.

Eg skreiv: «I fleire tilfelle har ungar blitt utsette for overgrep etter at barnevernet tok over ansvaret.» Han kan tydlegvis ikkje nekte for at det har skjedd, og seier dette er «svært uheldig» og «skal ikke skje», men så kjem det: «Men at dette er nærmest regelen, slik det kan tolkes i innlegget, er et skudd i blinde.» Eg kan ikkje sjå at ein kan tolke setninga mi som at dette er «regelen».

Vi har to ytterpunkt: Folk som «står fram» som vaksne og klagar seg over at dei ikkje fekk hjelp. Og dei som blir fjerna frå foreldra i hurten og sturten – og så syner det seg at «diagnosen» var ravgalen. Eg har i mitt innlegg vori så venleg at eg går ut frå at Barnevernet meiner det godt, og at feila kjem av at menneske-kunnskapen er for grunn, for skjematisk.

Men lat meg presisere at når folk blir oppsøkt av politi i full mundur som arresterer ein eller fleire ungar og når barnevernet etter dette kontrollerer kva ungar og vaksne talar saman om (dei er altså under sensur) – så kan det vera vanskeleg å sjå på barnevernet som «hjelpar». Folk frå Aust-Europa som har opplevd norsk barne«vern», talar om forholda i Stalin-tida.

Kva med «diagnosen» som førde til denne framferda? Er det ein diagnose basert på verkeleg kunnskap og undersøkjingar eller eit produkt av folkesnakk der «ei fjør» kan bli til «fem høns»?

Kven har det vondt både i notid og framtid når det blir gjort feil? Og kven kan gøyme seg bak eit lass av proklamasjonar om å meine det godt?

Ein unge har hatt med barnevernet å gjera. Ein dag vedkomande unge sit på skulen, dukkar det opp nokre ukjende vaksne i skulegarden. Ungen får det for seg at det må vera folk frå barnevernet, og rømer frå skulen så redd som ein hare.

Dette eine dømet er nok til å fortelja at ungar kan få angst og bli utrygge av å ha med norsk barnevern å gjera. Kvifor? Sume meiner at barnevernets familie-ideal er for snevert, med hovudfokus på ytre ting. Ja, ein velstelt heim er oftast hyggeleg, men ikkje om mor har «støv på hjernen» og skrik rasande opp for den minste uorden. Faktisk kan rot og «tid til kos» henge saman.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke