hacklink
18. sep
SMART: Den norske regjeringa har handla klokt ved å gi elbilar fordelar som gjer det attraktivt å kjøpa elbil, skriver Olav Skipnes.Foto: Heiko Junge / NTB scanpix Original bildetekst:
 
Elbilar og energi
Per Svardal skriv i HA 21. juni at overgang til elbilar vil gi auka etterspurnad av fossilkraft.

Publisert: 25.jun.2019 12:28
Oppdatert: 25.jun.2019 15:32

Sidan ein forbrenningsmotor berre har ein verkningsgrad på rundt 35 prosent, og ein elbil ligg rundt 75 prosent, vil den totale bruken av fossil energi gå ned ved å byta ut fossilbilen med elbil.

Dette gjeld også om elbilen får energien sin frå eit fossilkraftverk, som kan ha mykje høgare verkningsgrad enn forbrenningsmotoren, særleg viss det ligg slik til at det kan gjera nytte av spillvarmen sin.

Men slik Svardal seier, må da mange land byggja ut fleire fossilkraftverk ei tid.

Og kol, olje og gass vil vera sentrale energikjelder i mange tiår framover i mange land.

Skal klimaet bergast, kjem ein etter mi meining ikkje unna CO2-fangst og deponering. Og fangst og gjenvinning av CO2 frå ein fossilbil kjem aldri på tale, dette krev store, samla utslepp, slik som frå kraftverk og tungindustri.

Dette har no Angela Merkel innsett, og den norske staten er klar til å bora hol i Nordsjøen for å deponera fanga CO2 i stor skala, viss dei vil betala for dette.

Da kan nokre store fossilkraftverk i Tyskland produsera berekraftig energi til tyske elbilar.

Som i Noreg, vil overgang til eit nytt energisystem for bilar i Tyskland krevja tid til utbygging av ladestasjonar, og det må skje samstundes med utskifting av bilparken.

Denne overgangsperioden vil vera litt smertefull, så det er om å gjera å få den så kort som mogleg. Slik meiner eg den norske regjeringa har handla klokt ved å gi elbilar fordelar som gjer det attraktivt å kjøpa elbil.

For tyngre bilar, maskiner og skip vil det nok vera lurare å gå over til hydrogendrift, som også er utsleppsfri (berre vassdamp), og ikkje krev store batteri.

Og hydrogenet kan koma frå vindmøller som går når det er vind, utan tanke på om det er etterspurnad.

Det same kan jo også gjelda solceller. Dei produserer jo straum på dagtid når sola skin, særleg om sommaren, og det er kanskje ikkje bruk for den akkurat da!

Det er plass til mange solceller i Sahara og andre ørkenstrok, og solenergi er det nok av. Så energimangel blir det ikkje på lang tid viss vi greier å utnytta solenergien.

Innstrålinga av solenergi blir balansert av Jordas utstråling. Slik held Jorda om lag konstant temperatur.

Mesteparten av solenergien blir til varme-energi, og litt blir lagra i kjemiske bindingar (fotosyntesen) og fordamping (gir nedbør).

Men om vi nyttar solenergien å laga straum, vår edlaste energiform, og vi brukar straumen til å gjera nyttig arbeid for oss, blir den likevel til varme til slutt.

Altså er sluttproduktet det same som om vi ikkje nyttar solenergien. Det betyr at vi kan halda fram med å bruka solenergien i all eve utan å påverka klimaet eller temperaturen på Jorda.

Her vil sjølv det mest utsleppsfrie atomkraftverk koma til kort.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke