Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
22. sep
 
Engelsk, fransk og nynorsk

0
Publisert: 19.mar.2015 04:00
Oppdatert: 19.mar.2015 07:20

Kva er samanhengen mellom engelsk, fransk og nynorsk, lurer du kanskje på. Det skjønner ein eventuelt når ein nemner Noreg og Canada.

Når ein nemner Amerika, vil mange truleg automatisk tenkje på USA og engelsk. Nokon vil kanskje komme på at ein skil mellom Nord-Amerika og Sør-Amerika, og at ein i Sør-Amerika blant anna har språk som spansk og portugisisk. Nemner ein fransk som språk, vil truleg færre tenkje på Amerika. Ein vil først og fremst tenkje på Frankrike, og nokon vil kanskje tenkje på nokon afrikanske land som bruker fransk som eitt av språka.

Men sjølvsagt vil det også vere nokon som tenkjer på Canada når det er snakk om fransk. Ein har jo til dømes Quebec, der fransk er det offisielle skriftspråket. Quebec er ein provins i Canada. Dette kan til ein viss grad samanliknast med at til dømes Sogn og Fjordane er eit fylke i Noreg. Canada består av ti provinsar og tre territorium, og fordelinga av engelsk og fransk som offisielle språk er ifølgje Wikipedia 60 prosent versus 23 prosent.

Så kan ein spørje seg: Er dette unormalt? Er dette eit problem? Er dette dyrt? Er fransk bra å bruke i lyrikk, men ikkje til kvardags? Blir nokon skoletaparar av at det finst fleire språk i landet? Burde fleirtalet få mindretalet til å gå over til å bruke engelsk som einaste offisielle språk? Sjølvsagt ikkje! Men i Noreg er det mange som meiner at bokmål bør vere det einaste offisielle skriftspråket. Noko å tenkje over?

Hamar dialekt- og mållag

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke