Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
20. sep
Innbyggjarar: Menneska bør vera avgjerande før om Hamar blir Innlandshovudstaden, skriv Olav Skipnes. Biletet er frå eit tidlegare arrangement på Stortorget.Foto: Christian E. Bergheim
 
Er kvalitet like viktig som storleik?
Innlandshovudstad: Menneskelege ressursar og institusjonar bør vera avgjerande for om Hamar blir Innlandshovudstaden, ikkje utstrekning, lukka industribygg, lager og bygg for storhandel, skriv Olav Skipnes.

Publisert: 14.nov.2017 11:24
Oppdatert: 14.nov.2017 11:34

Og dei høgt utdanna nye innbyggjarane vil like gjerne stikka hovuda saman i gamle nedlagte industribygg, som Nestlé og Bryggeriet, og i ledige lokalar elles i sentrum.

Eg trur tida er i ferd med å renna ut for byar som favoriserer vekst i folketal og utstrekning framfor kvalitet i veksten. For dei fleste byar i Norge ligg frå gamalt av som marknadsplassar for bøndene, altså sentralt i landbruksområda våre. Slik ligg også Hamar. Når slike byar har vakse, har det hittil stort sett skjedd ved ekspansjon i kulturlandskapet dei er omgitt av. Jorda er i ferd med å bli overbefolka, og landet vårt har alt for lite matjord med sine tre prosent til å vera sjølvforsynt. Dermed må vår by, som mange andre, rekna med at perioden med stadig vekst utover stadig nye grenser er slutt. Da er det interessant å lesa Asplan Viak si fortettingsmelding som kom 2. oktober, som seier at byen nesten kan fordobla folketalet sitt ved å fortetta klokt innafor tettstaden vi har i dag.

Straks vi får eit nytt kryss ved E6, står det alltid ein eller fleire utbyggjarar klare til å byggja ut området rundt. Dei vil ha butikkar, lager og industri der, særleg handel med store varer. I denne situasjonen har kommunane vondt for å seia nei, for viss ikkje den eine seier ja, får vi utbygging i grannekommunen. I vår region ser dette ut til å vera ei sentral drivkraft, til trass for SMAT-planen. Men i staden for å anklaga Ringsaker for å vera ein fæl utbyggjar, bør vi heller ropa på ei fornying og forsterking av SMAT. Kreftene som driv utbygginga rundt vegkryssa fram, fremjer auka bilbruk og utarming av miljøa i våre tradisjonelle tettstader. Ein by som ønskjer å bli vald til Innlandshovudstaden, bør setja seg i førarsetet for å få utvikla regionale og bindande avtaler om utbygging. Eg trur det i vårt distrikt er nok plassar for å få kjøpt både det eine og det andre. Lat bygginga rundt vegkryss vera, og lat matjorda bli verna for seinare generasjonar.

Rådmannen har rett i at mange i midtperioden av livet sitt gjerne vil bu i villa med hage rundt. Men ein treng ikkje fylla opp matjorda rundt Hamar med villaer av den grunn. Ein kjem ikkje langt frå sentrum før gleda ved å bu i villa bleiknar. Det viser prisane i bustadmarknaden. Folk vil gjerne bu så nært sentrum som mogleg, slik at dei kanskje kan kasta seg på sykkelen og dra til sentrum, og ta eit glas vin, sjå på folk, delta på alt som skjer i Kulturhuset, leika i Strandgateparken, eller berre kosa seg med familien på Koigen på laurdagen. Slik er byen i dag akkurat passe stor.

Da er utbygging slik Asplan Viak forslår, midt i blinken. Dei vil byggja tettare og høgare i kvartala i sentrum, og langs friområde langs Mjøsa. Derfor synes dei det er fint med den utbygginga som skjer i Bryggeri- og Nestle- området i dag. Dei bur tett, men har kort veg til friområda ved Mjøsa. Og ei slik utbygging frigjer villabustader elles i byen. To eldre som flyttar inn i ei ny blokk, frigjer ein villa som ein familie på 3-5 kan flytta inn i. Slikt blir det vekst i folketalet av.

Byen har alt i dag mange institusjonar som er viktige for å bli Innlandshovudstaden. Vi har tingretten, bispesetet, politihovudkvarteret, innlandsuniversitet, flyplass, flott kulturhus, teater og sentral jarnbanestasjon. Byen har tradisjonar frå tidleg middelalder, og den vakre Domkirkeodden minner oss heile tida om det. Vi treng arbeidsplassar for folk med høg utdanning. Det er viktigare enn lagerbygg og flater for storhandel. Støtt verksender innafor bio-miljøet, få Blæstad til å samarbeida enda meir med Ås for å laga ei skikkeleg klynge til å utvika robotar innafor landbruket. Det er det framtid i og kan gi mange arbeidsplassar. Her kunne ein utvikla datamiljøet som driv med spelutvikling og la det knoppskyta til robotteknologi, knyta det til det landbrukstekniske på Blæstad og det som skjer med landbruksrobotar på Ås. Da kan vi skapa jobbar der ein koplar avansert datateknologi med mekanikk, i nært samarbeid med vårt gode landbruksmiljø. Da kan vi få ei ny næring som spring ut frå naturgåver, og vi får ein ny type innbyggarar med toppkompetanse og som har jord under neglane. Det kan passa til den jordnære hedmarkingen med praktisk vett i skallen.

Etter 20-30 år, når byen har fått ein god balanse mellom blokker, rekkehus, villaer og næring, må vi sjå oss om etter nye vegar for utvikling. Da må ein løfta blikket bort frå dyrkamarka. Da blir Mjøsa ei fjernare trekkraft, og vi må framheva andre sterke sider ved byen. Har det på denne tida enda ikkje blitt noko kommunesamanslåing, har Hamar likevel meir plass på Ingeberg. Og så har vi Vangsåsen med eit eldorado av turløyper sommar som vinter. Det er ein herleg verdi som eg trur mange let seg lokka av. Etabler ein satellittby langs Gåsbuvegen, eit Mjøsas «Beverly Hills» med kort veg til stiar og løyper. La dei gjerne få hage og fenomenal utsikt. Denne satellittbyen må ha alt det ein familie treng til dagleg, butikk, barnehage, skole, treningsstudio og fritidstilbod for ungane. Og offentleg kommunikasjon med «gamlebyen» må frå dag ein vera så god at ein kjem seg dit på ei kvarter, også etter klokka ni. Det er naturleg at dette blir eit felles tilbod med Ingeberg. «Gamlebyen»” byr på avansert handel, kultur, høgare utdanning, tenesteyting av mange slag, jarnbane, flyplass, Mjøsa, og yrande natteliv. Og når dei ein gong får nok av hage og friluftsliv, kan dei forlata «Beverly Hills» og flytta inn i blokk i «gamlebyen» og overlata det landlege livet til ein ny familie.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke