Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
21. sep
 
Er regjeringa eit avviklingsregime?

Publisert: 24.jun.2019 12:24
Oppdatert: 24.jun.2019 14:45

Dette spørsmålet melder seg hjå mange ansvarleg tenkande menneskjer, som prøver finna svar på dei mange sakane som dukkar opp.

Men det som i dag tek all merksemd er pelsdyrskandalen. Regjeringa fekk fleirtal i Stortinget for nedlegginga av pelsdyrnæringa med forbod om å halda slike dyr.

Det reiste seg eit spørsmål om erstatning til dei som arbeidde i næringa. Dette ville bli ei utbetaling til dei som dreiv med pelsdyravl og dei som produserte pelsdyrfôr.

Totalt dreier dette seg om 300–350 årsverk med ei innkome på 500–600 millionar kroner i året til staten, dvs. det norske fellesskapet.

Ved nedlegginga blir utgift i å dekka ledig arbeidskraft med diverse tiltak pr. år som er tippa til bortimot den summen som pelsdyra gav.

Ei nøyaktig utrekning manglar og dermed er også konsekvensane lite vurdert.

Folk er fortvila over ein situasjon som er like utfordrande som store ulukker. Dei som sat i Stortinget og røysta for nedlegginga kunne ikkje ha tankar om den skaden som vart gjort mot ei oppegåande inntjenande verksemd, og som utnytta ressursar til nytte for folket.

Her ein tanke om pengar til erstatning: I avrøystinga røysta 161 stortingsrepresentantar for nedlegging med forbod mot å halda pelsdyr.

No er det mange som meiner at dei 161 stortingsmedlemmane som stemte for kan innbetala 2 mill. kronar kvar i glede over sigaren!

I tillegg må også dei sum driv terror – øydelegging av bur og farmar - leggja tilsvarande sum kvar for å letta samvitet!

Dei som driv terrorhandlingar var inspirert av NOHA og WWF, som er tunge organisasjonar om vilt liv i skog og mark utan å sjå skadeomfang og mangel på konsekvensar.

Med von om at saka kan endra seg til fortsett liv for nyttesam næring.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke