buy Instagram followers
paykwik bozum
Evden eve nakliyat Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
istanbul evden eve nakliyat
hacklink
buy instagram followers
justin tv
paykasa paykwik
17. okt
UTBYGGING: Vien og Vienkrysset på E6 tatt fra sør mot nord.Foto: Trond Lillebo
 
Exit Vien gard?
Eg ser Hamar kan mista 1.600 potensielle arbeidsplassar viss ikkje eigaren av Vien gard får selja jorda si til utbyggjarar.

Publisert: 04.jan.2017 23:33
Oppdatert: 04.jan.2017 23:39

Dette ser ut til å vera ein klassisk metode for å få bygd ned dyrkamark nært byane. Det finns alltid ein bonde som ikkje vil driva jorda lenger, og det finns alltid utbyggjarar som har nase for forteneste, og det finns alltid ein nabokommune der alt går så mykje betre. Og for meg verkar det som det er Arbeidarpartiet og Høgre som lett blir kåte av slike utbyggingspakkar.

Desse to partia har jo også ofte fleirtal rundt omkring, og fordelane er mange av ei utbygging; det kan trengast arbeidsplassar, skolar, husvære, idrettsplassar, vegar, dobbeltspor osv. Derfor et byane seg langsamt utover matjorda rundt, slik dei har gjort i tusenar av år.

Og eg trur dessverre dei har folk flest med seg; dei positive sidene ved utbygging ser vi jo kanskje alt neste år, medan manko på dyrkamark merkar vi først om kanskje 50 år, om det da ikkje blir krig eller uår. Så dette spelet ser ut til å halda fram med sin eigen kortsiktige dynamikk. Folk flest må lærast opp til at matjorda er noko av det viktigaste vi menneska rår over. Det er også naudsynt med lys, luft og vatn, men det er matjorda vi kan få styringa med på kort sikt.

Men er det skikkelege leiarar som berre ser fire år framover i tida? Er dette ei følgje av vår demokratiske styreform; at politikarane må tenkja på å bli attvalde? Det må vel ikkje bli slik at byråkratiet i kommune, fylke og stat må ta affære og læra opp kortsynte politikarar? Men det er naudsynt at desse er godt skolerte, og ser ansvaret dei har.

Men vår metode i eit demokrati må heller vera å be partia i programmet sitt å formulera nokre langsiktige tankar om sentrale vegval framover. Men for å få partia til å lova noko ut over fireårsperioden, må engasjerte borgarar aktivisera seg, og leggja partia under tungt press. Vi må krevja at alle parti har langsiktige og konkrete mål dei vil oppnå ut over fireårsperioden, kanskje fire fireårsperiodar, og dei som blir valde i framtida må vera bundne av det. Langsiktige mål kan til dømes berre endrast på eit årsmøte med 75 prosent fleirtal, eller meir?

Er det på tide at det blir starta ei Facebook-gruppe som støttar Katrine Aalstad, der ho modig står opp mot ein tung majoritet? Hamar er ein viktig by som sentrum i eit av dei store, norske matfata, og ein slik aksjon bør vel vera utan kommunegrenser, men knytt til Hedmarken? På grunn av Hamars strategiske posisjon, må vi rekna med at ein slik aksjon blir lagt merke til, og får smitteeffekt til byar som ligg likeins til som Hamar. Derfor kan dette vera viktig. Startar nokon noko slikt, blir eg fluksens med. Eg veit om mange gode borgarar eg også trur blir med.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke
evden eve nakliyat