16. sep
r
 
Familiepartiet KrF

Publisert: 04.aug.2017 09:40
Oppdatert: 04.aug.2017 09:44

Familiepartiet KrF har verkeleg fått gjennomslag i samarbeid og ved intense forhandlingar med regjeringspartia i Stortinget i perioden 2013-2017.

Her vil eg visa til nokre område som har mykje å seie for unge familiar.

Auke i eingongsstønaden:

Denne stønaden som er retta inn mot dei som får barn før dei har vore ute i lønna arbeid og slik har tent opp retten til foreldrepengar.

KrF opplevde det som grov diskriminering at desse skulle få så mykje mindre økonomisk hjelp enn dei som hadde eit arbeidsforhold.

I 2013 var støtta slike fekk 35.263 kroner. I 2017 er den på 61.120 kroner. Dette er ein monaleg auke, ja, den er på over 70 prosent.

Mange unge i denne situasjonen har god grunn til å gleda seg over familiepartiet KrF sin innsats!

Auke i kontantstøtta:

Kontantstøtta er med på å gje foreldre ein større grad av valfridom når det gjeld å prioritera tid saman med borna frå dei er ett til to år.

I 2013 var kontantstøtta på 5000 kroner. Frå 1. august i år er den på 7500 kroner pr månad.

Familiepartiet peikar på den valfridomen til småbarnsforeldre dette gir! Vi meiner at dei aller fleste borna i denne perioden av livet var godt av å ha mor eller far tett innpå heile dagen.

Vi trur at dette ser svært godt samfunnsøkonomisk tiltak. KrF vil og sjå til at denne støtta vert gjort avhengig av aktiv deltaking i språkopplæring.

KrF vil og differensiera støtta slik at foreldre kan ta ut kontantstøtta frå ein til fem dagar i veka.

Fleire barnehageplassar og fleire barnehagelærarar:

I budsjettforlika i denne perioden frå 2013-2017 har KrF fått til 2600 fleire barnehageplassar enn det regjeringa la opp til.

Vi har og fått øyremerka fleire hundre millionar kroner til ein god auke i barnehagelærarar. Slik vert det fleire vaksne til å sjå og følgje opp borna som er der!

Låginntektsfamiliar har fått gratis kjernetid for 3-5 åringane sine. Born på asylmottak i alderen 4-5 år har fått gratis plass.

Generelt sett har det vore ein prisreduksjon for dei med dei lågaste inntektene.

KrF vil halde fram med å vera det partiet som kjempar sterkast for barn, unge og familiane deira!

Du er på trygg grunn når du brukar stemmesetelen til KrF!


 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke