hacklink
18. sep
 
Freidig å spørja om kostnader for aust?
Geir Bjørnar Smebye kritiserer meg i HA 22. mars fordi eg etterlyser kostnadstal for det nye forslaget tre medlemmer i hans organisasjon har utarbeidd for stasjon ved Vikingskipet.

Publisert: 30.mar.2017 13:34
Oppdatert: 30.mar.2017 19:16

Grunnen til det er at han ikkje har fått med seg «kulvertgjengen» sitt kostnadstal for forslaget om senka kulvert i vest. Vi har sagt det før, men eg tek det oppatt: JBV har sagt at deira kulvertløysing i vest (K1-3b) vil kosta 860 millionar meir enn bru (K1-2b).

Seier vi da at deira 930 meter lange kulvert kostar en milliard, vil 200 meter ekstra kulvert kosta om lag 200 millionar. Her har vi ikkje teke med at kostnadene pr meter kulvert går ned ettersom den blir lengre. Flomsikring til kote 127,5 er med i JBVs kostnad for K1-3b, som også ligg 2,5 meter under 200-årsflom. Så eit vasstett trau på 50x1000 meter må dei ha inne i kostnaden for K1-3b frå før. I vårt forslag er plattformene i vest senka en meter, og dermed ikkje vanskeleg å koma inn i stasjonsbygningen.

At dei ikkje får bygd høghus i Hamarbukta har ingen ting med finansieringa i dag å gjera. Dette er inntekter dei ein gong i framtida ventar seg, men tomme hus skaper ingen togpassasjerar. God utnytting av Espern og nedlagt sporområde gir meir enn nok hus til Hamar i lang tid framover. Å byggja hus som blir ståande tomme, er elendig butikk.

Grunnen til at eg spør om kostnader er at Smebye, Opaas og fleire andre medlemmer av FA i lengre tid har vore svært flinke til å anslå ekstrakostnaden for vår senka kulvert. Desse har tydelegvis vore nokså samde om at vår løysing kostar ein milliard meir enn K1-3b. For meg var det da naturleg å tru at dei også rimeleg lettvint kunne anslå kostnaden for sine eigne forbetringar i aust.

Dette er kostnadsdrivande i deira forslag:

1. Dei senkar heile underlaget for sporområdet til kote 123 fordi dei vil ha stasjonstorg og p-plassar under. Dette er langt under 200-årsflom, og krev eit svært stort vasstett trau som ikkje er gratis.

2. Dei har ein 1000m lang landbrukskulvert under Tommelstad og delar av Børstad.

3. Dei legg Stangevegen under dobbeltsporet i krysset i Åkersvika, og legg vegen på kote 122 som er 5m under 200-årsflom. Vasstett trau aukar kostnadene her også.

4. I krysset med Vangsvegen ved Flagstadelva planlegg dei ei diger rundkøyring med tre sidegreiner 10m over noverande veg. Dette kostar pengar.

5. Dei har lagt inn tilsving for Rørosbanen mot nord.

6. Sporet over Åkersvika legg dei på vestsida av noverande spor. Det fører til at ein må kryssa noverande spor to gonger. Dette aukar tida folk må bruka «buss for tog», og også kostnadene.

Det er lett å vedta vidløftige planar i Aust når ein ikkje anar kva det vil kosta. For å få ein realistisk debatt, er kostnadane sentrale.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke