17. sep
 
Frp og språkpolitikk

Publisert: 22.des.2017 14:41
Oppdatert: 22.des.2017 14:47

Bjørn Kristen Ørbæk er ute etter Noregs Mållag igjen og køyrer fram i kjend stil. Ørbæk har jo vigd ein stor del av livet sitt til kampen mot nynorsken og Noregs Mållag. Det står respekt av det mangeårige engasjementet hans, sjølv om argumenta og retorikken som regel har vore svært haltande.

I innlegget 15. desember tryglar Ørbæk partiet sitt om å følgje opp noko av det ein har formulert om språk. Dei to avsnitta Ørbæk vel å trekkje fram, er: «Den beste strategi for et sterkt og levende språk er den daglige, frivillige bruken av språket. Ekte språkglede og kunnskap kan ikke skapes ved kvotering og offentlige pålegg.» og: «Språkkampen er i stor grad historie, og i dag er det en voksende enighet om at enkeltmennesker selv skal få velge sin språkform.»

Frp seier sjølv klart at beste strategien er den daglege og frivillige bruken av språket. Dessverre opplever fleire hundre tusen nynorskbrukarar at dei ikkje møter språket sitt dagleg, eller at dei føler at dei ikkje kan bruke språket sitt på grunn av presset frå storsamfunnet. Dei blir ufrivillig pressa til å måtte lese og delvis også skrive bokmål.

Grunnen til at mange elevar skiftar frå nynorsk til bokmål, er ikkje nødvendigvis at dei sjølve ikkje ønskjer å bruke nynorsk. Dei føler berre at presset frå majoritetsspråkbrukarane er for stort. Det er veldig sjeldan nynorskbrukarar klagar over bokmål. Derimot har ein til ei kvar tid eit stort hylekor av nynorskmotstandarar på kvart eit hjørne der ein får høyre både det eine og det andre om målforma si. Så lenge som det finst folk som ikkje er villige til å respektere at vi har to sidestilte målformer i Noreg, treng ein dessverre både kvotering og offentlege pålegg. Og for å ha det sagt: Det er den same kvoteringa og dei same offentlege pålegga som sikrar bokmålet i nynorskkommunane, og alle nynorskbrukarar må faktisk lære bokmål utan at ein snakkar om tvang.

Når det gjeld språkkampen, er den dessverre ikkje over. Den har berre ei anna form. Ørbæk sine avisinnlegg over mange år viser at han kjempar ein aktiv kamp mot nynorsken, og Ørbæk og Frp er jo ikkje einige i at vi nynorskbrukarar skal få kunne velje vår språkform. Elevane har problem med å få nok læringsressursar på nynorsk, og til og meg eg, som er tilsett på ein statleg utdanningsinstitusjon, får nesten ikkje eitt einaste offisielt dokument på mi målform. Eg som enkeltmenneske kan faktisk ikkje velje språkforma mi dersom ikkje samfunnet legg til rett for val.

Heldigvis finst det andre parti som ser det norske språkmangfaldet som ein ressurs, og den gjeldande språkpolitikken sikrar at bokmål og nynorsk er likestilte målformer. Også Frp bør følgje St.mld. 35 «Mål og meining».

Hamar dialekt- og mållag

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke