15. sep
 
Løysinga er meir nynorsk

0
Publisert: 07.mai.2015 15:29
Oppdatert: 07.mai.2015 17:00

Måndag kunne vi lese i HA at Hamar Frp med Bjørn Kristen Ørbæk i spissen går til åtak på «sidemålstvangen». Eg tviler på at dei ser konsekvensane av politikken sin, og at dersom han vart realisert ville ha gjort nynorskbrukarar til andrerangsborgarar. Det er vel neppe intensjonen til Hamar Frp. Difor vil eg som språkpolitikar gi nokre få tips om språk og nynorsk, slik at dei kanskje kan kome fram til noko litt meir sympatisk og fornuftig.

Poenget til Hamar Frp er at nynorsk er demotiverande for mange elevar, og ein unødvendig ressursbruk. For nokre kan gym og algebra vere demotiverande. Skal det òg verte valfritt? Og kva med ressursbruken? Tal frå TNS Gallup (2006) viste at seks av ti bokmålselevar på VG2 hadde 0,5 timar med sidemål i veka. Det er ikkje mykje.

Valfritt sidemål for ungdomsskuleelevar i Hamar heng heller ikkje på greip. Kva skal dei gjere når dei begynner på VGS?

Det vi treng er ikkje avvikling av sidemålsundervisninga, men meir og betre sidemålsundervisning. Ei viktig endring er tidlegare start med sidemål, som vi fekk gjennomslag for ved revideringa av læreplanen i 2013. No begynner ein i 5. klasse, som er eit stort steg i riktig retning. Vi kjem til å arbeide for at skriveopplæringa skal begynne endå tidlegare. Det er som barn ein lettast lærer og tileignar seg kunnskap. Med ein god pedagogisk plan har vi stor tru på at framtidige generasjonar vil kunne nynorsk og bokmål omtrent like godt, samtidig som ein vil få bukt med dei språkfiendtlege haldningane som enkelte har.

Forsking frå mellom andre NTNU syner at dersom du lærer nynorsk vert du òg flinkare i bokmål på grunn av fordelane som fleirspråkkunne gir. Noreg er og blir eit fleirspråkleg samfunn. Det må Ørbæk og Hamar Frp lære seg å leve med.

Nestleiar i Norsk Målungdom

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke