hacklink
18. sep
 
God laurdag!

Publisert: 10.aug.2018 11:16
Oppdatert: 10.aug.2018 11:45

Laurdag var opphavleg dagen til planeten Saturn, og romarane kalla han for (dies) Saturni.

Då dei gamle germanarane skulle tilpasse dei romerske vekedagane, ser det ikkje ut til at dei fann nokon germansk gud eller noko tilsvarande som passa deira verd.

Engelsk overtok rett og slett namnet, som så mykje anna, frå romarane og har framleis Saturday.

Nederlandsk har også zaterdag, mens ein på moderne tysk anten kan seie Sonnabend eller Samstag, som begge har å gjere med sabbaten, altså kviledagen.

Sonnabend tyder direkte omsett solaftan eller eventuelt kvelden før søndag (soldag).

Forma Samstag var sambaztac i gammalhøgtysk, og sambaz var då ei gresk sideform til sabbat.

Saturn blei gjerne også sett på som stjerna til sabbaten, og sabbatsdagen i staden for saturndagen var nok eit relativt uproblematisk byte.

Dei andre romanske språka har alle ei form med sabbat, til og med portugisisk, som elles berre bruker tal på dagane: sabato (italiensk), samedi (fransk) og sábado (spansk og portugisisk).

Dei germanarane som hadde mindre kontakt med romersk kultur og kristendom, såg ikkje ut til vite heilt kva dei skulle gjere med saturndagen.

Det fanst nok av gudar å ta av i den norrøne mytologien, men i staden valde ein å gje denne dagen eit relativt vanleg og lite gudeleg namn: laugardagr eller badedag. Det var den dagen i veka ein bada, vaska eller lauga seg.

Det kan godt hende at badedagen var ein etablert tradisjon, og at det var vanleg å omtale han som sjølve badedagen før ein skulle meine noko om dei romerske vekedagane.

Det kan òg hende at ein oppfatta badedagen som ein kviledag, sidan ein jo vaska seg etter ei veke med arbeid og kanskje tok det litt med ro den kvelden. På den måten var laurdag kanskje ein slags sabbatsdag utan religiøst innhald.

Diftongen au i laugardagr er den opphavlege lyden frå gammalnorsk av. Men som vi veit, har mange norske dialekter, dansk og svensk forenkla au til ein såkalla monoftong ø, som t.d. også i graut vs. grøt, haust vs. høst og lauv vs. løv.

Svensk, dansk og bokmål har skrivemåten med monoftong, mens nynorsk og islandsk har diftongen au, sjølv om den på islandsk blir uttalt som øy. Islandsk har til og med den fulle, gamle genitivforma laugardagur.

Over tid bleikna den direkte referansen til gudane og andre fenomen som vekedagane opphavleg hadde. Dei blei då uttalte med mindre tydeleg diksjon slik at dei kunne miste lydeelement og stavingar.

Mánadagr blei til måndag, óðinsdagr til onsdag, freyjudagr til fredag, og laugardagr blei altså til laurdag eller lørdag.

Det er få av oss som tenkjer på at namna til vekedagane eigentleg har eit konkret innhald. Kanskje ein skal ta seg eit langt og godt bad og lauge seg i dag? God laurdag!

Dosent i norsk, Høgskolen i Innlandet

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke