17. sep
 
God onsdag

Publisert: 24.jul.2018 14:22
Oppdatert: 24.jul.2018 16:24

Onsdag kan reknast som den tredje eller den fjerde dagen i veka, alt etter om ein reknar ut frå søndag eller måndag som den første dagen. I Noreg er onsdag den tredje dagen, mens ein på Island kallar tysdag for þriðjudagur, tredjedag.

Islendingane kallar onsdag for miðvikudagur, det vil seie midvekedagen. Det same gjer ein i Tyskland, der dagen heiter Mittwoch. Etter den kristne teljemåten med søndag som den første dagen stemmer det jo at onsdag då blir liggjande midt i veka. På portugisisk heiter onsdag quarta-feira, som då blir den fjerde dagen i veka. Portugisarane har valt å setje eit nummer på kvar einaste dag.

Men korfor bruker nokre av språka berre nummeret i rekkja på nokre av dagane? Når det gjeld portugisarane, kunne ein kanskje seie litt på fleip at dei er „meir katolske enn paven“. Dei romerske vekedagane hadde jo namn etter romerske gudar. Onsdag heitte (dies) Mercurii, og hadde namn etter guden Merkur. Nabospråka til portugisisk bruker framleis dette namnet, t.d. mercoledì, miércoles og mercredi på italiensk, spansk og fransk.

Då dei romerske vekedagane blei omsette til germansk, var det Odin som fekk rolla til Merkur. Dagen heitte dermed óðinsdagr på gammalnorsk, Odins dag. Ordet blei med tida samandrege til onsdag, og dermed er det ikkje lenger så lett å sjå at onsdag er guden Odin sin dag.

Då kristendommen byrja å spreie seg nordover i Europa, var Odin framleis ein stor konkurrent til den nye guden. Som vi veit, heldt åsatrua seg relativt lenge her oppe i nord. Eitt forsøk på å undertrykkje den gamle trua var å prøve å gjere den mindre synleg i kvardagen, t.d. ved å kalle Odin sin dag for noko så enkelt som midvekedagen.

Korfor heiter onsdag då Wednesday på engelsk, som verken liknar på onsdag, midvekedag eller tredje eller fjerde dag? Dersom ein kan litt om språklydar og språkendringar, vil ein sjå at onsdag og Wednesday faktisk liknar litt på kvarandre likevel. Og dei som kan sin Wagner, vil kanskje vite at det er den germanske guden Wotan som svarer til Odin.

Nokon har kanskje hatt gode språklærarar på skolen, eller kanskje oppdaga ein det heilt av seg sjølv. Det finst nokre systematiske forskjellar i rettskriving og uttale mellom tysk og engelsk på den eine sida og norsk (nordisk) på den andre sida. Der vi t.d. skriv og seier ulv, ull, ønske, er det Wolf, wolf; Wolle, wool og Wunsch, wish på tysk og engelsk. Den gamle w-lyden fall meir eller mindre systematisk bort framføre runda vokalar som o, y og ǫ i dei nordiske språka. Når ein veit dette, er det ikkje lenger så vanskeleg å sjå at Wednesday, som i gammalengelsk var wodnesdæg, eigentleg er akkurat det same som odinsdag. God onsdag!

Dosent i norsk Høgskolen i Innlandet

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke