16. sep
VIlt: Elgen krysser både kommunegrenser og fylkesgrenser.Foto: Paul Kleiven , NTB scanpix
 
Grenselaus viltforvaltning
Vilt: Ville dyr er som russiske ubåtkapteinar. Dei kjenner ingen grenser.

Publisert: 09.okt.2016 13:24
Oppdatert: 09.okt.2016 13:26

Då russisk ubåt stranda på svensk skjer, spela Harald Heide Steen jr. russisk ubåtkaptein som slo fast: «Man kan da ikke se den grense under vann». Ville dyr er som russiske ubåtkapteinar, ser ikkje eigedomsgrenser, soknegrenser, heradsgrenser, fylkesgrenser eller landegrenser – om grensene ikkje er Berlin-murar.

Hjorteviltet trekkjer ofte frå nedbørsrike frodige sumarbeite til vinterbeite i snøfattige område. Årsgamle elgar spreier seg til naboområde. Få norske grunneigarar eig heile leveområdet til ein elg eller ein heil elgbestand. Likevel har norske grunneigarar jaktretten på eigen grunn. Den nye hjorteviltforskrifta gjev grunneigarane og kommunane i bestandsleveområdet verktøyet til å forvalta elg og hjort mot felles mål. Det er berre å finna gode målbare mål og vedta dei i kommunestyret.

Hjorteviltforskrifta slår fast at hjorteviltbestandar brukar store område. Høgskolen i Hedmark har, i samarbeid med grunneigarar, radiomerka 268 elgar. Alle me merka i Hedmark har brukt meir enn ein eigedom gjennom året. Fleire har kryssa kommunegrenser, nokre har kryssa fylkesgrenser. Me merka ikkje kalvar, men minst halvparten av radiomerka elgkalvar i Nord-Trøndelag slo seg ned meir enn 10 km frå der mora levde i jakttida, ei kvige gjekk 175 km.

Hjortevilt er ein felles ressurs for mange grunneigarar. I USA er hjorteviltbestandane ein felles ressurs for alle innbyggjarane i staten. Alle, uavhengig av eigedom, har lik rett til jaktkort. Staten forvaltar heile bestandar i bestandsområde.

Før me i Noreg i 1951 fekk ny jaktlov og statlege viltnemnder, heldt konkurransen mellom grunneigarane om felles vilt, bestandane nede. Dei statlege viltnemndene er nedlagde, kommunane har overteke ansvaret for elg, hjort og rådyr. Hjorteviltforskrifta slår fast at kommunane skal setja målbare mål for forvaltninga. Forskrifta ynskjer at grunneigarane skal organisera seg i bestandsplanområde som skal utarbeida forvaltningsplanar. Planane vil verta godtekne om dei er i tråd med dei kommunale måla. Vert ikkje planen godkjend, kan kommunen dela ut fellingsløyve i tråd med forskrifta og kommunale mål.

Grunneigarar har ofte ulike ynskjemål for elgforvaltninga, nokre vil ha meir, andre mindre elg. Masse elg på eigedomen om hausten gjev god jakt og inntekter. Masse elg i ungskogen på eigedomen om vinteren gjev skogskadar og tap. Størst forskjell mellom inntekter og utgifter i eit elgbestandsområde kan ein få ved å skaffa meir fôr i vinterbeiteområda. Korleis dette aller best og mest økonomisk skal gjerast treng meir utforsking då det er eit komplisert samspel.

Kvaliteten på fôret spelar ei rolle, og det hjelper ikkje med fôring om elgbestanden er alt for tett. Utfordringa har likevel ikkje vore mest manglande kunnskap, men at grunneigarane ikkje har vorte samde om kven som skal betala for tiltaka for meir fôr i vinterområda. Utanforståande kan ogso av og til få inntrykk av at retten til å sjølv bestemma på eigen grunn er viktigare enn best mogeleg felles forvaltning. Kommunen har her eit stort ansvar for å samla grunneigarar om samla forvaltning. Hjorteviltforskrifta gjev mogelegheiter.

Kommunar kan, ut frå eksisterande kunnskap, bestemma kva som bør vera eit bestandsplanområde. Ofte bør fleire kommunar gå saman om krav om felles område i delar av kommunane. Kravet i forskrifta er at eit område må ha minst 20 fellingsløyve før dei kan verta bestandplanområde. Men kommunen eller kommunane kan krevja at i det området dei vil skal vera eitt bestandsplanområde – vil dei godta berre ein bestandsplan. Dei som ikkje vil vera med vil då måtta godta same vilkåra som i bestandsplanområdet, etter forskrifta kan dei verta litt dårlegare.

Kommunen kan ogso bestemma at beiteskadane i vinterbeiteområda skal liggja innanfor eit intervall. Er det mindre skade, minskar kvotane, og bestandane aukar. Vert skadane større, aukar kvotane, og bestandane minskar. Definering av vinterområde og skadeintervall bør skje basert på data i samarbeid med grunneigarane. Skadar må ogso sjåast opp mot snøfall føregåande vinter. Om nokon med gode haustområde ynskjer tettare elgbestand og høgare kvotar, lyt dei gå saman om tiltak som å skaffa meir fôr i vinterbeiteområda. Då kan ein unngå at skadebeitinga når opp til det bestemte nivået.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke