Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
23. sep
 
Grenser i gramatikken
Temaet for Forskingsdagane 2016 er «Grenser». Kva slags grenser kan ein grammatikar og lærarutdannar eventuelt kan vere oppteken av?

Publisert: 13.okt.2016 08:46
Oppdatert: 13.okt.2016 10:28

MENINGER

Har du tenkt på at det er ein forskjell mellom bokstav og lyd?

Vi har 29 bokstavar i det norske alfabetet, men vi har nokre bokstavar som vi strengt teke ikkje har bruk for, fordi dei representerer fleire lydar som vi kan skrive med fleire av dei andre bokstavane, t.d. q (ku) og x (eks). Vi skil elles ikkje mellom uttalen av v og w i norsk. Samtidig manglar vi bokstavar for å skrive lydar som t.d. såkalla «tjukk l» i «bord» og «Ola» (for dei som har denne lyden), og vi har heller ikkje ein eigen bokstav for «sj-lyden», som kan skrivast på ulike måtar alt etter i kva ord han opptrer, t.d. «sjal, skei, skjor, slik, særs». Dette forholdet er viktig når ein skal lære seg å lese og skrive. Ser ein på lydar og dialekter i norsk, vil ein elles også kunne spørje seg kva som er grensa for kva vi generelt oppfattar som ulike lydar, og kva vi oppfattar som lydar som gjer at eit ord skiftar tyding. Korfor får vi t.d. eit nytt ord når vi byter frå s til t i «ros» og «rot», mens det ikkje blir noko nytt ord når vi byter ut rulle-r med skarre-r?

Ein kan også spørje seg korleis ein avgrensar eit ord. Er «ost» eit ord? Kva då med former som «osten, ostane, ordens, ostanes»? Er det eigne ord? Eller høyrer dei til det same ordet? Fleire og fleire slit med å vite om ordelement skal skrivast saman eller ikkje. Skal det vere «jule nissen» eller «julenissen»? Dei som kan setje ordgrensene på riktig måte, vil vite at desse to frasane tyder ulike ting. Det er også forskjell mellom «brun ost» og «brunost». Brun ost må nødvendigvis vere brun, mens brunost ikkje treng å vere brun. Han kan vere alt frå gulaktig via oransjebrun til mørkebrun, og i Gudbrandsdalen heiter han til og med raudost. Andre gonger kan vi undre oss over at det blir synlege grenser midt inne i ord, t.d. når «vinglas» og «raudvin» kan bli til «raudvinsglas» med ein s som «limer» ordelementa saman.

Når det gjeld setningar, vil ein grammatikar kunne seie at vi har ei venstre setningsgrense og ei høgre setningsgrense i norsk. Det er då ikkje stor forbokstav på venstre side og punktum eller eit anna skiljeteikn på høgre side ein meiner. Ein deler setninga inn i felt der noko kan stå framfor det første verbet (forfeltet), noko i midten (midtfeltet), og noko som gjerne vil stå bak den plassen der eit anna verb kan stå (sluttfeltet). Det er verbet på venstre side og eit eventuelt verb på høgre side som kan vere dei synlege grensene i ei setning.

Ein kan også lage grenser for heile tekstar. Men det er grenser for kor mykje ein kan skrive i ein liten kronikk om språk. Kanskje fekk du lyst til å lære meir. Les litt grammatikk da vel!

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke