hacklink
18. sep
 
HA har funne seg ein motstandar

Publisert: 09.mar.2015 04:00
Oppdatert: 09.mar.2015 11:20

Hamar Arbeiderblad, HA, - mi avis -saman med mange tusen andre hamarfolk, synest å ha funne seg ein motstandar i spørsmålet om kva trasè ein skal velje for jernbanen i Hamar når vi skal få dobbeltspor her. Motstandaren er aksjonsgruppa for ei jernbanefri strandsone.Det er sårt at HA har funne dette legitimt.

Eg har ikkje noko med denne gruppa å gjera anna enn eg synest dei har gjort ein framifrå jobb med å engasjera menneske i kampen for ei jernbanefri strandsone. Dei har mellom anna samla inn over 4.000 underskrifter for dette standpunktet. Med rette kan dei kalla seg ein folkeaksjon. Samtidig har dei vore flinke til å peike på alternativ.

Når vi i dag kan registrera at fleirtalet av dei politiske partia i Hamar, representert i Hamar kommunestyre, no går inn for utgreiing av eit av alternativa som HA synest lite om, H2, tener det ikkje minst folkeaksjonen til ære.

HA hevdar i leiarartikkelen sist laurdag at avisa ikkje har teke noko standpunkt i debatten om jernbanetrasèrar. Det er godt å høyre. Likevel, for ein ivrig avislesar synest denne utsegna å ha redusert truverde. Kvifor har HA elles ivra så sterkt for å neglisjera andre alternativ enn H1 og H5? Jamfør den opinionsundersøkinga der HA presenterte «folkeviljen» i Hamar med utgangspunkt i berre desse to alternativa.

Det er med sterk uro eg og har kunne lesa ufine angrep på dei personane som står i brodden for «folkeaksjonen for ei jernbanefri strandsone». Det tener ikkje redaktøren til ære. HA sin redaktør hevdar han ikkje er einøygd, Det er godt. Men kan det liggja ein insinuasjon om at andre er det, når ein brukar seg sjølv som eit godt døme på å vera vidsynt?

Eg ser fram i mot kommunevalet til hausten. Vona er at dei representantane som vert valde vil ha eit reelt val, knytt til fleire alternativ en H1 og H5, i saka om jernbanetrasè med dobbeltspor i Hamar.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke