hacklink
18. sep
 
Ha respekt for ungane si evne til å lære språk!

0
Publisert: 15.jun.2015 04:00
Oppdatert: 15.jun.2015 06:55

For ei tid sidan las eg i avisa om innvandrarar som tykte norsk folkeskule var for dårleg. Kan eg få minne om at norsk folkeskule var eit respektert fenomen ein gong? Nedgangen starta med nettopp den innstillinga som no nyss atter synte seg i debatten om bokmål/nynorsk, nemleg med nedvurdering av barns evne til å lære. Særleg blir ungane si evne til å lære språk dramatisk nedvurdert.

Ungar som ligg på stellebordet har ei kjempeutfordring språkleg sett. I den flaumen av lydar som strøymer ned over alle nyfødte, skal ungen etter kvart finne ordgrensene og finne ut av kva slag lydar vi i vårt språk kan starte ord med. (Basiskunnskap for å skjøna det som blir sagt.) Korleis klarer ungen det, korleis klarer han etter kvart å få eit system i hovudet som gjer at ei setning kan bli forståleg? Det er jobbing det, det er intens bruk av hjernen.

Kvifor skal vaksne folk etter at ungen har gjort denne store prestasjonen, koma der og vera så pysete når det gjeld framhald av språkinnlæringa?

Eg var så heldig at mine nærmaste ikkje laga det ringaste «krøll» i forhold til språkinnlæring. Aldri var det tale om at noko var for «vanskeleg» for barnehjernen eller at ungen ville få problem av å ikkje klare å «knekke koden»! «Mine» vaksne gjekk suverent ut frå at naturens eigen pedagogikk var den som passa, og eg fekk alle moglege slags språkvariantar.

Da eg var i førskulealder, kunne eg mange danske songar alt. Dansk uttala på norsk er ikkje vanskeleg for ungar, men eg hadde også i tillegg den utfordringa at eg hadde dansk i originalversjon susande kring øyra. For øvrig hadde eg alt da møtt dei fyrste folkevisene. Og Wergelands dikt.

I tiårsalder starta eg med å skrive nynorsk sjølv. Dessutan las eg jamt og samt Ingemanns historiske romanar. «Fra den sydlige fløy i klosterbygningen i Sorø skinnede en stjerneløs efterårsnatt i året 1202 en stille, enlig lampe gjennem de halvavbladede linde ut på sjøen.» (Her sitert etter minnet.)

Ver så god! Eg kan ikkje hugse eit einaste problem ved å pendle mellom Wergelandsk norsk, Ingemann-dansk og Aasen- eller Floden-nynorsk. Eller Landstads

«I Vinje sokn er høge nutar

og kjempe karar og gasta gutar!»

Så, pedagogar og andre: Ha respekt for ungane sine evner!

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke