Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
22. sep
 
Hamar dialekt- og mållag

Publisert: 28.mai.2015 04:00
Oppdatert: 28.mai.2015 08:32

Når Bjørn Kristen Ørbæk offentleg går ut og kallar Hamar dialekt- og mållag for «sektpreget», er det kanskje naturleg å fortelje kva det lokale mållaget er.

Hamar dialekt- og mållag har nettsider (hamar-dml.no) der ein kan lese om aktivitetane og også om vedtektene, som for det meste er standard for lokallag som er tilslutta Noregs mållag.

Det er §1 som definerer føremålet til laget, som er

a) å samle målfolk i Hamar og omland til aktivt arbeid for ei reell likestilling av dei to målformene våre på alle område med spesielt fokus på det nynorske målet,

b) å auke kunnskapen om og vørdnaden for nynorsken og dialektane våre

c) å styrkje grunnlaget for den folkelege by- og bygdekulturen og verne om miljøet i Hamar og omland med utgangspunkt i eit hedmarksperspektiv og dei ulike dialektane som er representerte i området.

Hamar dialekt- og mållag er ein frivillig organisasjon som består av ca. 60 språk- og kulturinteresserte personar i og rundt Hamar. Eitt hovudpoeng med mållaget er at ein ønskjer å bidra til at dialektene i Noreg har gode levekår, og at også skriftspråket nynorsk kan ha gode levekår ved sida av bokmål.

Laget har mange medlemmar som først og fremst er bokmålsbrukarar, og det er ikkje eit krav at ein sjølv skal bruke nynorsk aktivt. Hamar dialekt- og mållag arbeider for språkleg mangfald og likestilling og at både dialekter og skriftspråka kan trivast godt i det språklege fellesskapet. Medlemmane i Hamar dialekt- og mållag har derfor éin ting felles: ein støttar det språklege mangfaldet, og ein prøver å arrangere føredrag og andre aktivitetar for å skape språkleg medvit.

Det føregår ikkje noka «misjonering», som Ørbæk påstår. Det er ikkje eit krav at ein bruker nynorsk, og ingen blir pressa eller overtalt til å bruke nynorsk. Ein arbeider for respekt for begge målformene og for at bokmål og nynorsk kan eksistere ved sida av kvarandre i det offentlege rommet, samtidig som ein bruker det talemålet ein måtte føle seg komfortabel med.

Det er nynorskkafé med uformell språk- og kulturprat éin gong i månaden, og alle er velkomne til å delta, uavhengig av målform, politisk standpunkt, etnisitet, kjønn, legning, alder, hårlengd eller kva ein måtte finne av båsar å putte folk i

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke