buy Instagram followers
paykwik bozum
Evden eve nakliyat Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
justin tv
paykasa paykwik
Kayseri escort bayan
sirinevler escort beylikduzu escort atakoy escort sisli escort atakoy escort sisli escort sirinevler escort beylikduzu escort beylikduzu escort
ankara escort ankara escort bayan
14. okt
HAMMER: Ole Robert Holmen er regjerende Mesterborger av Hammer By i seks dager til.
 
Hamar, Hammar eller Hammer?
Bynavn: Kva er eigentleg den «riktige» uttalen av bynavnet Hamar?

Publisert: 04.jun.2018 07:45
Oppdatert: 04.jun.2018 10:27

Kva er eigentleg den «riktige» uttalen av bynamnet Hamar? Det verkar innlysande og rett fram: Hamar = ha:mar, med lang a i den første stavinga. Men korfor finst det då kjende forfattarar og andre som seier eller har sagt Hammar eller Hammer med kort a i den første stavinga og kanskje også a i den siste stavinga?

Sjølv om ein kanskje ikkje tenkjer så mykje over det i dag, tyder bynamnet Hamar ikkje noko anna enn hammar, i dette tilfellet av stein, som også er den opphavlege tydinga. På nynorsk kan ein skrive «hammar» eller «hamar», mens ein på bokmål berre kan skrive «hammer». Dei tre variantane finst altså også i skriftspråka våre.

Det gammalnorske ordet var «hamarr», der den siste r-en berre markerte kasusen nominativ. Skrivemåten Hamar går altså heilt tilbake til gammalnorsk tid.

Det som er språkvitskapleg spennande med ordet «hamar», er at det er eit såkalla kortstavingsord eller jamvektsord. I gammalnorsk hadde det ein kort a og ein kort m i rotstavinga. Ved overgangen til mellomnorsk tid endra systemet seg til at ein berre kunne ha langstavingsord. Det vil seie at ein måtte ha ein lang vokal eller ein lang konsonant (dobbel konsonant eller to konsonantar).

Ved omlegginga av dette systemet fekk ein hovudskilnaden mellom austnorske og vestnorske dialekter. Austnorske dialekter kallar ein også for jamvektsmål sidan dei blant anna har såkalla kløyvd infinitiv. Hedmarkingar skil derfor som regel systematisk mellom ulike infinitivsformer, t.d. lesa og komma versus skrive og kjøre. Dei infinitivane som framleis endar på a i hedmarksdialektene, er gamle jamvektsord, der den siste vokalen (a) har halde seg betre enn i overvektsorda, der den siste vokalen er redusert til e.

I moderne norsk bruker ein som regel lang (dobbel) konsonant i skrift for å markere at vokalen er kort. Den lokalt «riktige» uttalen av bynamnet er dermed eigentleg hammar, med kort a i den første stavinga og i endestavinga, sidan a-en held seg i jamvektsord. Dette ser ein også i andre lokale namn, som til dømes (Kluk)hagan, Haka(bekkvegen), Hara(sjøen).

I dei normerte skriftspråka våre har ein hagen, hake og hare, og ein ser at den siste vokalen kan blir redusert til e. I dag er det mest vanleg på Austlandet å seie «hammer» om sjølve verktøyet (jf. også Lillehammer). Hammer er dermed også korrekt som uttalevariant.

Hamar by har hatt namnet Hammer i mange hundre år gjennom dansketida. Grunnen til at byen heiter Hamar i dag og blir uttalt med lang a, er då rett og slett at byen blei grunnlagt på nytt i 1849. Ein tok opp att den historiske skrivemåten og fekk dermed ein leseuttale av namnet, og derfor har ein i dag Hamar som bynamn og hammar eller hammer som natur- og reiskapsnamn her i området.

 
– Artikkelen fortsetter under bildet –
DOSENT: Jens Haugan.
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke
Şehirlerarası evden eve nakliyat