Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
21. sep
BÅT: Båthamna på Tjuvholmen foreslås bygd ut.Foto: Christian E. Bergheim
 
Hamar treng flyplass og funksjonell båthamn
Hamar treng herlege verdiar som flyplass og ei funksjonell båthamn.

Publisert: 07.nov.2017 14:48
Oppdatert: 07.nov.2017 15:51

På kommunens informasjonsmøte på Gregers onsdag kveld var det ein innflytta dataekspert som tok ordet etter rådmannens innleiing. Han meinte det ville vera til stor skade for byen viss flyplassen vart nedbygd.

Etter at han kom frå Oslo, har han lært seg å fly, og har stor glede av det, sa han. Og han nemnde at det snart kjem elektriske fly, og da blir heile diskusjonen om flyplassen i sentrum snudd på hovudet. Eg veit det har stått mykje om dette i Teknisk Ukeblad det siste året, og at vi kan venta oss elektriske passasjerfly som kan ta 20-50 passasjerar, og ha ei rekkevidde på opptil 100 mil. Dette skal kunne skje innafor ein tidshorisont på rundt 10 år.

Og hugs at elektriske fly høyrer vi ikkje motorstøy frå, berre suset frå propellane. Det blir noko heilt anna enn dei bråkande flya vi kjenner i dag. Kanskje blir Hamar kopla inn på Widerøe sitt kortbanenett, og med ein så godt som støyfri flyplass midt i byen. Det blir noko til konkurransefortrinn for byen som ønskjer å bli innlandshovudstaden.

Ingen nemnde båthamna på møtet, men eg har lese Rambølls utgreiing om dette som kom i september i år. Der står det at hamna på Tjuvholmen må byggjast ut, ved sida av ei hamn for mindre båtar ved vassverket. Og det står at båtar i Mjøsa må takast opp om vinteren fordi vasstanden er så låg da.

Men det står ingen ting om kvar desse båtane skal setjast. Det står at opplagsplassen på Tjuvholmen er vedteken nedlagt, og Rambøll ikkje har forslag til kvar ein erstatningsplass skal finnast. Å finna ein slik ny plass i Mjøsa trur eg blir vanskeleg, og i alle fall blir det langt frå Hamar. For min eigen del er Tjuvholmen svært praktisk. Ein kan gå dit eller sykla og driva med vårpussen. Blir opplagsplassen flytta, blir alt meir tungvint, og sykkel og føter blir bytta ut med bil. Og det er vel ikkje særleg bra for miljøet?

På mest alle bilete som skal marknadsføra Hamar, er det båtar med, særleg seglbåtar, som skal visa det herlege båtmiljøet vi har her i byen. Opplagsplassen på Tjuvholmen er miljøvennleg, og den er fin å kombinera med parkeringsplass for bubilar på sommars tid. At bubilane slår seg ned så nært sentrum, er ein stimulans for butikkar og kafear i sentrum, og det er også ein herleg biverknad for eit sentrum som slit.

Så, rådmann: Vent med å byggja ned flyplassen til neste planperiode, slik også konsulentane til Asplan-Viak foreslår. Da veit vi meir om kva som har skjedd med dei elektriske flya. Og ver så snill å ikkje ta frå oss opplagsplassen på Tjuvholmen. Presenningane våre er kanskje ikkje vakre å sjå på frå hotellvindauga på Buchards hotell, men det er baksida av ein svært vakker medalje på sommarstid.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke