Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
21. sep
 
Helsing frå bil-landet Italia

Publisert: 10.okt.2016 16:23
Oppdatert: 11.okt.2016 09:27

No har eg vore på jarnbanestasjonen i Firenze nokre gonger, og teke lyntoget frå Firenze til Roma. Da slår det meg at togdebatten i Hamar er litt bortafor realitetane nokre gonger. Dette gjeld særleg at stasjonsplasseringa i høve til bysentrum ikkje spelar nokon rolle. I begge desse italienske byane ligg stasjonen i sentrum, og det vrimlar av folk. Det er ein kakofoni av lydar og ein blir dytta i alle retningar. Det verkar som halve byen er samla her, og nokre driv rundt, andre står stille, og atter andre hastar i veg som fanden var i helane på dei. Vi følte oss verkeleg midt i sentrum! Eg kan ikkje hugsa ein by eg har vore i der stasjonen ikkje ligg i sentrum. Sjølvsagt med unntak av byar som ikkje har jarnbane, som på Kanariøyane og på øyane i Egeerhavet! Stasjonen og bysentrum høyrer saman!

Toget køyrde frå Firenze til Roma utan å stoppa, og det gjekk fort, det var fullt, og vi fekk god service frå dama med kafeteriavogn. Men når vi nærma oss Roma, sakka det av på farten og nærmast rusla inn mot Termini. Det brukte i alle fall 10-15 minutt av den totale reisetida på 1,5 time på å snirkla seg gjennom sporvekslarar og svingar inn mot stasjonen. Likevel er dette toget konkurransedyktig i forhold til den sterke bilismen.

Da tenkte eg at det kan vel ikkje gjera så mykje i Hamar heller om toget må sakka litt av på farten gjennom Espern-svingen slik at det kan forsera sporvekslarar slik som i dag? Dette burde vera berre 1 minutt før ankomsten til Hamar. Det må vi vel kunne leva med i Hamar viss dette fører til at strandsona blir bevart?

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke