hacklink
buy instagram followers
19. sep
Tjuvholmen: Skissa av hotell på Tjuvholmen i Hamar.Illustrasjon: Kraft Arkitektkontor
 
Høghus på Tjuvholmen i Hamar
Hamar er ein by som ligg innestengt av feit matjord på alle kantar.

0
Publisert: 10.feb.2015 07:17
Oppdatert: 10.feb.2015 07:21

Det er derfor sannsynleg at den byveksten vi ser i dag, der byen et seg gradvis utover dyrkamarka, snart vil ta slutt. Deretter må byen veksa ved å knytta til seg lokale tettstader i nærleiken med gode kommunikasjonar, gjerne skinnegåande.

I tillegg til dette må ein sjå på ubrukte areal i byen, og slike som blir frigjorte ved bruksendring. Her stikk Espern, det store sporområdet på Hamar stasjon, og Tjuvholmen seg fram som ganske jomfruelege. Espern har Smedvik Eigedom i Stavanger sikra seg, og Boligpartner og Utstillingsplassen Eigedom er interesserte i Tjuvholmen.Det er sjølvsagt at desse interessentane vil byggja så høgt og tett dei får lov til. Det aukar innteninga deira, og skaper flest bustader i sentrum. Men vi vil vel ikkje ha det slik som vi ser det i Oslo med nye «Barcode»? Der stengjer dei inne den gamle og låge byen bak ein mur med høghus langs sjøkanten. Skal vi ikkje få det slik i Hamar, må byens styremakter vera medvitne og på banen. Dei må ta roret og styra utviklinga. Dette er byens ytrefilet, og vår kontaktflate mot Mjøsa.

Utbygginga av Koigen har vist oss kor fin strandsona kan bli, og slikt vil vi ha meir av. Den skissa som vart vist av hotell på Tjuvholmen i HA 31. januar, viser kor fint det kan bli der også, sjølv med ei ganske kraftig utbygging. Så langt ut mot sjøen kan vi tola eit par høge signalbygg; dei vil signalisera at borgarane i byen er viljuge til å bu tett for å spara mest mogleg av matjorda, og så lenge høghusa er unntaket, vil dei ikkje stenga inn resten av byen frå Mjøsa.Tidlegare har eg argumentert for ein sentrumsnær campingplass på Tjuvholmen. Det kan ein kanskje få til ved å fylla ut på ein klok måte med materialar frå jarnvegsutbygginga (tunnel under Hamar Vest og Furuberget)? Viss ein fekk plass til både eit flott hotell og campingplass, ville dei begge styrka sentrum, og sikra enda fleire passasjerar med NSB, om stasjonen blir i sentrum.

Båthamna tek seg veldig fint ut på alle slike utbyggingsskisser. Båtane ligg som kvite svaner på rekkje og rad. Men om vinteren er hamna tørrlagt, og båtane liknar ikkje mykje på kvite svaner der dei ligg inntulla i mangefarga presenningar. Får vi ein campingplass der ute, kan ein bruka den til opplagsplass om vinteren (planketelt må vera forbode). Men utsynet frå hotellet blir ikkje like storslått.

Men blir det prisen hotellet må betala for å ha dei fine båtane å sjå på om sommaren? Har vi nokon alternativ plass? Eg har ikkje kome på nokon, og båtane må opp. Eg trur planleggjarane må rekna med at båtane blir der dei er, også om vinteren, og leggja sine planar ut frå det.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke