16. sep
 
Ikkje godt nok

Publisert: 22.jun.2017 16:03
Oppdatert: 22.jun.2017 16:03

No er landbruksoppgjeret i hamn. Men kva for ei hamn kom bøndene til? I alle fall ikkje til ei hamn som dei andre lønnsmottakarane her i landet hadde godteke utan konfliktar og streikar. Bøndene skal framleis sjå at andre yrkesgruppe sig endå lenger framom dei! KrF gjekk inn i arbeidet på Stortinget med det målet for auge at landbruket i skulle redusera inntektsgapet til andre grupper. Slik gjekk det ikkje. No må denne arbeidstakargruppa sjå på at skilnaden aukar!

Regjeringspartia meinte at det fekk vera nok om dei prosentvis fekk nokonlunde det andre hadde fått! Ein skal ikkje vera særleg kjapp i hovudet for å skjøna at med eit slikt tilbod ville skilnaden auke. For KrF var det difor viktig at Stortingsfleirtalet, Ap, SV, Sp, KrF og Venstre ville ordne opp i denne uverdige situasjonen. Ja slik såg det faktisk ut ei tid og! Regjeringspartia samla seg om ein pott godt under 500 millionar kroner. Fleirtalet sette seg eit mål på 790 millionar kroner. Med den løyvinga ville ikkje inntektsgapet auke.

Så hende det vonde. Stortingsfleirtalet sin uttrykte politikk i landbruksmeldinga vart kasta over bord. Hamna der framme, som blenkte med 790 millionar kroner, vart brått eit uoppnåeleg mål! Eit av støttepartia fann at denne hamna var det uråd å nå. Politikken i landbruksmeldinga vart eit «fata morgana» , ei hildring. Naudhamna vart «berginga» for dei, og det var ikkje KrF. Så vart dei tre, H, FrP og V, samde om at 625 millionar fekk vere nok, men det er det slett ikkje. Inntektsgapet auka, Mest for dei små og mellomstore bruka.

Kva var det bøndene mista fordi det Stortingsfleirtalet sa nei til innhaldet i landbruksmeldinga, - til slutt? Eg nemner nokre: Betre beitetilskott, mindre reduksjon i prisauken på kraftfor, styrking av fraktordningane for kjøt og kraftfor, tilskott til reiser for veterinærar, auke i investerings- og bedriftsutviklingsmidlane (IBU) til små og mellomstore bruk, og auka tilskot til velferdsordningane. Nokre andre områder var det og, men dette held vel det?

Stortingskandidat for KrF i Hedmark

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke