Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
21. sep
 
Ikkje på ein - to - tre

0
Publisert: 25.mai.2016 04:01
Oppdatert: 25.mai.2016 04:00

I ei avis som ligg på bordet mitt, kan eg lesa: «Den siste tida har vi vært vitne til flere tragisk utfall som alle bunner ut ifra mobbing». Elendig norsk. Korleis kan ting «bunne» «ut ifra» mobbing?

I neste omgang les eg: «Vi har kunnskaper om mobbing. Vi vet hva som bør gjøres med mobbing. Alle har vi synspunkter om mobbing.»

Har «vi» kunnskap om mobbing? Veit «vi» kva som «bør gjøres»?

Det er godt mogleg at folk veit meir no enn før. Men med min bakgrunn som mobbeobjekt er eg slettes ikkje viss om at dette er så enkelt som det blir sagt. Og eg har ingen tillit til at løysinga er å sørge for eit regelverk «som gir større anledning til å skifte ut skoleledelse som over tid viser at de ikke makter å forebygge- og håndtere mobbesaker.» I juni 1963 slutta eg på den verste mobbeskulen eg nokon gong har gått på. I 1965 starta eg så på den nestverste mobbeskulen eg har gått på.

Og no, over 50 år seinare, har mobbinga blitt politisk tema. Og ein trur at berre ein set tilstrekkeleg sterkt press på dei som driv skulen, så - - - hokus pokus Filiokus! Så er ein kvitt problemet?

Nei, politikarar. Dette har vori ei lang, lang utvikling og det vil ta lang, lang tid å endre den. Dei som gjekk samstundes med meg på skulen, har fått barn og barnebarn. I all den tida har lite blitt gjort. No kjennest tilstanden tydlegvis meir «akutt» enn før – og så trur ein at det berre er å setja krav til medmenneska sine, og dermed skal mobbinga vera ein saga blott?

Svar meg berre på ein einaste ting: Kven skal dei som har levd opp i eit mobbesamfunn vende seg til for å lære naturleg og venleg omgangsform? Når dei har fått mobbeopplegget med seg frå fyrste dag på skulen? Ein kan ikkje kvitte seg med eit slikt system på ein to tre. Nybrottsarbeid med spade og greip i ei eng full av høymol og kveke er lettare.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke