hacklink
17. sep
 
Ingeniørane til Jernbaneverket ser ikkje den enklaste løysinga
Jernbanedebatten i Hamar.

Publisert: 05.feb.2016 04:00
Oppdatert: 05.feb.2016 09:26

Ingeniørane til Jernbaneverket ser ikkje den enklaste løysinga for Senka H1

I sitt første brev der dei forkasta Senka H1, som kom i mellomjula, hadde dei laga tunell heilt frå sør for Ottestad stasjon. I sitt siste notat datert 15. januar 2016, held dei fast ved at sporet må liggja på 14 meters djup ved Hamar stasjon.

Dette gjer dei for at kulvert-taket skal koma heilt under botnen av Hamarbukta. Altså blir dei sentrale delane av byen heilt urørt av dobbeltsporet langs H1! Men sidan sporet da må liggja så djupt, må nedstiginga i Åkersvika byrja ca 500 meter lenger sør enn det som trengs etter våre planar. Og når nedstigninga må starta så langt sør, må også brua med eventuell terskel liggja minst så lang sør.

Det seier dei vil berøra Ramsarområdet så kraftig at dei da forkastar planane om ein Senka H1. Dette var altså ei fantastisk fin løysing for byen, men diverre ingenting verdt, sidan dei kasta ho i søppelbøtta.

Men kven har bede dei om å senka kulverten under botnen av Hamarbukta? Eg har ikkje noko i mot det, flott hadde det vore, men når det får så alvorlege følgjer for Åkersvika at heile Senka H1 må forkastast, synest eg det er ein dårleg ide.

For meg hadde det vore kjempeflott om kulvert-taket kom en-to meter under vassflata i vestkanten. Da kunne småbåtar som i dag putra ut og inn gjennom ein passe smal passasje i sommarmånadene. Om vinteren vart da Mjøsa innafor kulverten ein avstengt innsjø, med trygg is. Skibladner må få si brygge på utsida av kulverten.

Med denne løysinga, ville det vera nok om sporet kjem 8 meter under dagens perrong på stasjonen, og da kan sporsenkinga starta på nordsida av brua i Åkersvika. Ikkje noko uoverstigeleg problem med Ramsar, og dermed er også dette argumentet borte.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke