hacklink
buy instagram followers
19. sep
Skog: Innlandet står for om lag 40 prosent av all hogst i landet.Foto: Vidar Ruud, NTB scanpix
 
Innlandet - det nye berekraftsfylket?
Frå januar 2020 skal Oppland og Hedmark bli slått saman til Innlandet. Då må vi passe på å sjå framover og utvikle oss.

Publisert: 27.mar.2018 14:23
Oppdatert: 27.mar.2018 14:46

I dag har Oppland fylke mål om å vera klimanøytralt innan 2025. Hedmark vil det same innan 2030. For å få det til må heile regionen vera med. Då er det viktig at fylket arbeider offensivt, og dreg med seg alle område i positiv retning. For vi har mange moglegheiter her i området.

Det nye fylket Innlandet kjem til å vera litt større enn landet Bosnia-Herzegovina i areal. Då forstår vi fort at det må til ein del reising over lange avstandar for å koma seg dit ein skal; på jobb, skule, butikken, fritidsaktivitetar og heim. Difor er det viktig med eit godt utbygd kollektivtilbod, slik at vi innlendingar kan reise både trygt og miljøvenleg. Det må vilje til frå politikarane for å få det til. Det håper vi at dei har.

Høgskulane har juksa litt, og allereie slått seg saman til den nye Høgskolen i Innlandet. Her er det òg potensial til å bidra til ei omstilling. Vi treng nemleg nokon som kan gjennomføre dei nye tiltaka som trengst for å få oss dit vi vil. Kva er vel betre enn å utdanne dei her? Kanskje kan Innlandet stå i bresjen for grøne utdanningar, med godt samspel mellom naturen og samfunnet? Ingenting kan vel vera meir naturleg. Er det noko vi har mykje av, er det nettopp natur.

Oppland og Hedmark har store skogareal, og står for om lag 40 prosent av all hogst i landet. Der har vi mykje å hente. Skog er ein viktig ressurs, og kjem nok til å bli enda viktigare i åra som kjem. Når vi er inne i omstilling for å hindre ei klimakrise, er det jo nettopp naturen som er vår beste ven. Berre tenk på alt kunstmaterialet vi kan spara ved å bruke tre i staden. I bygningar, møblar og bruksgjenstandar kan ein like godt bruke tre som anna materiale. Det er ikkje tilfeldig at verdas høgste trehus blir bygd i nettopp Innlandet. I tillegg tek skogen opp store mengder CO2, og bind det som trefiber.

Kva må til for at vi skal klare denne omstillinga? Fyrst og fremst treng vi politisk vilje. Nokon må stå klart fram, setja krav og støtte opp om tiltak. Det er viktig å informere oss som bur her, slik at vi veit kva vi kan gjera for å bidra. Bedrifter og næring må bli inkludert i prosessane og politikarane må sikre at òg dei bidreg. Vi gjer nemleg dette for framtida vår.

Slik kan Hedmark og Oppland bli berekraftsfylket Innlandet.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke