Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
23. sep
naturreservat: Åkersvika.
 
«Innlandsjuvelen Hamar»

Publisert: 15.jul.2019 20:24
Oppdatert: 15.jul.2019 20:40

Overskrifta er eit uttrykk kommentatoren Øystein Kløvstad Langberg brukte i søndagsutgåva av Aftenposten i ein større artikkel om blant anna kor ein finn varmt og tørt klima. Der skreiv han: Det finnes imidlertid steder som er varme og samtidig relativt tørre. Drammen, Sarpsborg og Fredrikstad/Hvaler peker seg ut. Vil man ha enda mindre nedbør, kan man legge ferien til innlandsjuvelen Hamar.

Men når Langberg kallar Hamar ei perle, er det nok ikkje berre veret han tenkjer på. Den sjeldne strandsona er nok også med i reknestykket.

Ein annan stad der Hamar blir omtala i riksmedia, var i Klassekampen den 2. juni. Der var det eit to-siders oppslag om Åkersvika, skrive av paleontolog Lene Liebe Delsett. Ho skreiv på grunnlag av ein ny rapport frå Det internasjonale naturpanelet (IPBES). Der seier dei at 85 prosent av våtmarkene i verda er tapt, og at slike område er om lag tre gonger meir utsett for nedbygging enn skog. Ho skriv og at berre 9 prosent av trekkfuglane har sine leveområde verna, som er mykje mindre enn det standfuglane har. Talet på fuglar i dei store trekkrutene har blitt halvert dei siste 30 åra.

Det er lett å sjå at Åkersvika ikkje skil seg ut her; sidan 1968 har vika blitt fylt opp sør for Rørosbanen for først å skapa plass til tømmerterminal, så Vikingskip og mange verksemder, så kom flyttinga av RV50 frå Stangevegen til der E6 ligg no, så utvidinga av E6 til fire felt, og no til slutt spørsmålet om trasé for jarnbanen.

Det er ikkje enkelt for ein by å ha eit svært naturreservat i grannelaget, men er det likevel rett å ta dette reservatet for trekkfuglane i bruk bit for bit av oss? Går det an å tenkja annleis enn vi har gjort til no? Viss Stangevegen ein gong må utvidast til fire felt, vil det ikkje gå an å krevja at den blir bygd i høgda i staden for breidda? Det vil kosta meir, men ikkje ta meir av arealet til naturreservatet.

Kanskje kan det gjera at vi ikkje kjenner ein bitter bismak om hovudstadspressa igjen kallar byen vår for Innlandsjuvelen?

Olav Skipnes

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke