hacklink
18. sep
 
Ja til begge målformene
Arve Waage frå Bokmålsforbundet hadde eit innlegg i HA med overskrifta «Nei til nynorsktvang».

Publisert: 02.apr.2019 14:20
Oppdatert: 02.apr.2019 14:34

Det same innlegget har stått på trykk i GD og har resultert i fleire kommentarar på debattsidene der. Sidan eg har kommentert innlegget til Waage to gonger i GD allereie, vel eg ei litt anna vinkling her. Sidan det nok er mange i HA sitt nedslagsfelt som vil applaudere framstillinga til Waage, meiner eg at vi nynorskbrukarar må seie ifrå om at vi har den same retten til å møte målforma vår i kommunikasjonen med det offentlege.

Les Waages innlegg her.

I samband med samanslåinga av Hedmark og Oppland til eitt fylke møter ein nokre utfordringar som kan følast mindre relevante for hedmarkingar. Det finst ein god del fleire nynorskbrukarar i Oppland, og det finst faktisk framleis skolar som har nynorsk som opplæringsmål. Sjølv om det offisielle talet på nynorskbrukarar har gått tilbake etter krigen, tyder dette ikkje at alle nynorskbrukarane skal miste dei demokratiske språkrettane ein har hatt sidan 1885. Det er framleis slik at både nynorsk og bokmål er sidestilte målformer.

Statistikk handlar om tal. «Tala lyg ikkje», kan ein ofte høyre. Problemet er berre at tal ikkje nødvendigvis fortel noko om bakgrunnen for statistikken. Når det blir færre nynorskbrukarar, tyder det ikkje nødvendigvis at dei som byter målform, meiner at bokmål er betre. I mange tilfelle handlar det om eit ytre press frå storsamfunnet, der ein føler seg tvinga til å bruke bokmål. Det er då eit stort paradoks at det er bokmålsbrukarane som gjerne ropar høgast og pratar om «tvang».

Per i dag er det slik at alle – med få unntak – skal lære å lese og skrive begge målformene i skolen. Ein får også separate karakterar i begge målformene etter å ha fullført vidaregåande skole. Dersom ein skal arbeide med tekstar i ein fylkeskommune, har ein i tillegg høgare utdanning i ei eller anna form. I eit kunnskapssamfunn som Noreg skulle ein tru at ein då ville vere i stand til å lage informasjon og skrive brev på begge målformene (jf. yrkeskompetanse), slik at både nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar føler at dei er ein del av det same samfunnet med dei same demokratiske rettane.

Det er mildt sagt ei stor overdriving å kalle ønsket om ein målbruksplan i det nye Innlandet for «grovt diskriminerende overfor det store flertall av bokmålsbrukere i fylket», som Waage uttrykkjer det. Det er ikkje bokmålsbrukarane som blir diskriminerte. Dersom ein les statistikken som viser målbyte frå nynorsk til bokmål, kan ein lett å sjå kven som i praksis blir utsett for «tvang». Det er plass til begge målformene i Innlandet og elles i Noreg utan at ein treng å kalle det for «tvang».

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke