Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
23. sep
 
Kompetanse ved sjukehuset

Publisert: 18.okt.2017 14:36
Oppdatert: 18.okt.2017 14:42

Prosessen rundt sjukehusa i Innlandet går mot slutten. Direktøren har kome med innstilling om eitt hovudsjukehus.

Det ser ut til at styret òg vil gå inn for det same, trass i at det har kome mange ulike synspunkt på strukturspørsmålet.

Da vil Innlandet få eit akuttsjukehus som skal dekkje bortimot 350.000 innbyggjarar (når vi ser bort frå nedslagsfeltet til Kongsvinger), sjølv om nasjonal sjukehusplan seier at det er tilstrekkeleg med eit innbyggjartal på 60-80.000 for eit akuttsjukehus.

Vi lyt gå ut frå at administrasjonen og styret i Sjukehuset Innlandet HF nettopp har kompetanse til å gjera ei slik vurdering.

Likevel må det vera eit tankekors for sentrale helsestyresmakter at det er så stort sprik i faglege vurderingar. Vi andre kan berre undre oss.

Samtidig ser vi at direktøren òg foreslår plassering av hovudsjukehuset. Men, har Sjukehuset Innlandet HF kompetanse til å bestemme lokaliseringa? Det kan ikkje stemme.

Her blir struktur og lokalisering blanda i ei salig røre. Det er da heilt andre organ som har i oppgave å gjera vedtak om kvar slike store instansar skal lokaliserast?

Er det ikkje andre lovverk enn det Sjukehuset Innlandet HF forvaltar som styrer ei slik lokalisering?

Dette er særleg viktig når det i dette tilfellet handlar om ein offentleg instans med 5-6.000 arbeidsplassar. Kanskje den største arbeidsplasslokaliseringa i Innlandet nokon gong.

Østlandsforsking har tidlegare kome til at dette vil generere ei befolkning på 14.000, som er omlag like mange som folketalet i bykjernene i Gjøvik eller Lillehammer.

Sjukehus Innlandet HF er eit statsforetak med eit styre som ikkje er vald på demokratisk vis. Det ligg i namnet at oppgava til styret er å styre selskapet. Skal eit slikt udemokratisk organ ha kompetanse til å gjera vedtak om offentlege etableringar?

Vil Elverum, Gjøvik, Hamar og Lillehammer godta at dei skal gje frå seg 5-6.000 arbeidsplassar og ei befolkning på 14.000 for å byggje opp ein ny by ved Mjøsbrua?

Og er det eit selskapstyre som skal bestemme om vi skal få ein ny Mjøsby ved at dei eksisterande byane blir desimert? Svaret er opplagt nei.

Det interessante nå er om foretaksstyret meiner det har i oppgave å bestemme at det skal etablerast ein ny Mjøsby eller om styret skjønar at det er andre organ som har ansvar for samfunnsutviklinga.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke