15. sep
Poesi: Rolf Jacobsen las eigne dikt då boka om ham og diktinga hans vart lansert i februar 1993.Foto; Jon Eeg, NTB SCANPIX
 
Kor i Noreg om ikkje i Hamar
Samtidspoesi-festivalen i Hamar er ei gild sak for Hamar kommune, som ligg i eit tradisjonelt, kulturelt fylke, Hedmark.

Publisert: 14.aug.2018 13:58
Oppdatert: 14.aug.2018 14:14

Hamar kommune har satsa på kulturhus, eit av dei største i landet. Ikkje for sterkt av meg å hevde at Hamar iallfall er blitt sentret for forsking på nyare norsk poesi.

Likevel er det ikkje Hamar som er spesiell når det gjeld langvarig sterke kulturelle målsetjingar. Det er heller Hedmark som fylke dette gjeld. For den klårt mindre staden Flisa var sentrum for forsking på nyare norsk lyrikk i over ti år frå 1990. Og tenkj etter: Wergeland skildra Mjøsa og mjøsbygdene så Welhaven sa stopp. Det er ikkje tilfeldig at nett Hulda Garborg og Halldis Moren Vesaas kom frå Hedmark.

Det er eit nokså filosofisk og djupt tenkjande fylke som fostra Alf Prøysen og fostra dei undervurderte Vidar Sandbeck og poeten Øystein Sunde (med arv frå Kjell Aukrust) i tillegg til skogsarbeidaren Hans Børli og Åsta Holth, president i Republikken Finnskogen. Pluss at fylket fostra den aller mest kjende, Rolf Jacobsen. Mange kjende namn. Og nokre unemnde så langt. I Hedmark er det ein bråte med folkehøgskolar …

Eit kvinneuniversitetet oppsto i Hedmark tidleg på 1980-talet, det er kanskje slikt vi skulle hugse. I Løten først. Eg heldt på å gløyme verdseinaren Kirsten Flagstad så langt. Edvard Munch var berre fødd i Løten. Eit filosofisk og tenkjande fylke er det, klårt, og ikkje det fattigaste fylket, om du skulle ha fått det inntrykket. Viktig er det å forstå at fagrørsla svært lenge har stått sterkt i nett Hedmark, i både Hedmark og Oppland, fagrørsla saman med raude politiske parti. Dei fleste hadde beina på jorda her, og har vel det også no.

Vi tenkjer kanskje ikkje ofte såleis om dikt på kva som er bakkekontakten; slik eg har gjort her?

Når folka i Noreg skulle vedta ein fri norsk grunnlov i 1814, møttes dei sør for Mjøsa, på Eidsvoll, litt sør for Hedmark. Bjørnstjerne Bjørnson blei fødd i Hedmark og slo seg ned som vaksen kar på Aulestad hos naboen Oppland. Og alt dette er geografisk sentrale norske område, med ikkje altfor lang veg sørover til Oslo og statsstyringa, og for så vidt i heller kort avstand austover til det som var stormakta Sverige. Og ikkje rart at folket i Hedmark har sans for realitet og humor, men like mykje for strategi.

Det som kjenneteiknar forfattarane frå Hedmark er at dei når langt ut med bodskapen. Og dei nyttar ofte fleire sjangrar for å nå ut, både poesi og prosa. Og det på sjølvsagt vis.

Rett og slett er eg varig imponert over det sentret som Hedmark har vore og er - både i poesien og dertil i poesiforskinga etter kvart. Og eg har prøvd meg med ei skisse ein gong om det. No skjønar eg godt tanken om eit senter, tanken om noko permanent og godt organisert i Hamar. Kor i Noreg skulle ein etablere eit Rolf Jacobsen-senter om ikkje i Hamar?

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke