17. aug
Ingeberg: Sommerstille på Ingeberg skole. Kva skal til for at Ingenerg skal bli eit meir attraktivt område for bustadbyggjing?
 
Korleis gjera Ingeberg attraktivt
Bustadpolitikk: Tanken om bysatellittar utenfor «jarnringen» verkar ikkje så lett å realisera.

Publisert: 12.aug.2019 08:11
Oppdatert: 12.aug.2019 08:28

Krav til infrastruktur som veg, vatn og kloakk må i dag oppfyllast før ein får setja seg opp hus. Det gjer at det blir lettast ved sentralisert utbygging, og helst med kommunen som viktig aktør. Mellom anna for å gi Hamar nye utbyggingsområde, vart Hamar og Vang slegne saman i 1992. Og i SMAT-planen frå 2001 vart mellom anna Ingeberg utpeika som eit godt og aktuelt nytt utbyggingsområde. Dette skulle gjera det mogleg for Hamar å utvikla seg, sjølv om den var stengt inne av verdifulle jordbruksareal.

Men denne tanken om bysatellittar utanfor «jarnringen» verkar ikkje så lett å realisera. Årsakene til dette er sikkert mange, men den mest openberre grunnen er at kommunane Hamar, Stange og Ringsaker framleis konkurrerer om å byggja ut på flate jorde nært sentrum i Hamar. Etter Kårtorp byggjer no Ringsaker ut gardane Voll og Lund, Hamar diskuterer om dei skal byggja på flyplassen og Klukhagen, medan politikarane i Stange diskuterer om dei skal byggja ned restane av Gyrud og Tokstad. Med så kort veg til sentrum i Hamar er det nokså opplagt kvar folk vi busetja seg. Men no ser det heldigvis ut til at politikarane i Stange har bestemt seg for heller å byggja ut sine eigne lokale sentra, i staden for å byggja ut areal innafor tettstaden Hamar. Men vi ser med ein gong at utbyggjarane prøver å skremma med at da vil Ringsaker få veksten i staden.

Så viss Ingeberg og andre slike bysatellittar skal bli attraktive, må kommunane samarbeida og laga ein ny «jarnring» rundt Hamar. Og satellittane må få gode kommunikasjonar inn til sentrum. Det er ikkje attraktivt med fire bussar om dagen i helgene, og siste buss i fem-tida. Behovet for å koma seg til fritidsaktivitetar og uteliv i Hamar blir ikkje mindre før satellitten blir så stor at gode tilbod også finns på staden. Så etter mitt syn må kommunen fremja utbygging av tenester og opplevingstilbod på staden, og innan det er på plass, tilby gode kommunikasjonar til Hamar sentrum, og dei tre kommunane må slutta å tilby nye bustader på feit, bynær matjord.

Når Hamar byggjer ut sine blokker i sentrum, flyttar ofte eldre inn, og slik frigjer dei hus med gras rundt litt lenger frå sentrum. Da blir det plass til nye, unge innflyttarfamiliar, som kan få kjenna gras mellom tærne. Dei eldre som flyttar inn i blokkene kjem nok frå heile byområdet, også det som tilhøyrer Ringsaker og Stange. Slik får kommunen Hamar ikkje frigjort så mange villaer innafor bygrensa som dei helst ville ved fortettingsarbeidet sitt.

Det betyr skattetap, og Hamar kommune ville derfor helst flytta bygrensene sine for å få med alle dei som høyrer til i tettstaden Hamar. Det hadde vore praktisk, men er det naudsynt? Vi ser i dag Oslo, som også slit med å finna utbyggingsareal, arbeider for å byggja ut Intercity-nettet. Da tenkjer dei at folk kan bu i alle byane og ved alle stasjonane det toget kan stoppa, og reisa til Oslo for å arbeida. Da får dei ikkje skatten frå arbeidsinntekta til alle, men heller ikkje alle utbyggingskostnadene. Det ser dei ut til å kunne leva med.

Går ikkje ein slik tankegang an her i det lokale Hedemarken? Da kunne vi i Hamar sjå det som positivt at tettstadene og småbyane rundt oss får nye innbyggjarar? Kanskje kjem dei til Hamar for å handla og kjøpa opplevingar?

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke