hacklink
18. sep
 
Kulvert i Hamarbukta, ser Mjøsa frå heile sentrum
Takk til kommunen og Jernbaneverket (JBV) for at dei arrangerer informative folkemøte. Flott foredrag frå Gehls arkitekt, og informative siktbilde frå JBV.

0
Publisert: 16.apr.2016 04:00
Oppdatert: 16.apr.2016 04:00

Meininger

Etter møtet vart det ulike diskusjonar om det vi hadde sett og hørt, og da var det fleire som uttrykte at JBV lurte oss ved å vise eit manipulert bilde frå Koigen utan spor av ny eller gammal jernbane (vedlagt)! Dette var illustrasjon av vestalternativ 3b, altså kulvertløysinga frå stasjonen og vestover. Det verka på enkelte, særleg frå Folkeaksjonen, som om dei meinte at kulverttaket måtte koma i flomsikker høgd, altså over kote 127. Vi som underskriv dette innlegget, sa at kulvertlokket jo var tett, slik at det ikkje tok inn vatn sjølv om Mjøsa var flomstor. Da vart det påstått at kulverten måtte fungere som flomsikring for byen, og at JBV svikta oppgåva som flomsikrar på denne måten!

Ut frå desse meiningsutvekslingane finn vi det rett å presisere: JBV har ingen oppgåver når det gjeld å sikre byen mot 200-årsflom. Det er det bare Hamar kommune som eventuelt har. Korleis kan JBV i så fall planlegge banen med bru over Hamarbukta, og kva med flomsikring om dei vel dei austlege alternativa?

Nei, det dette bildet viste, var korleis det blir med kulvertøysing. Alternativ 3b reddar altså Koigen og fjernar dagens spor som hindrar kontakten med byen. Problemet med alternativet såg vi på andre bilde frå Hamarbukta, der vi berre såg ein grøn voll i staden for Mjøsa. Denne vollen vil vi fjerne! Vi er redd for at fotografane JBV har brukt, har gått ut frå det kulvertalternativet som JBV presenterte i januar, der kulverten var overdekt fram til stasjonen, der taket kom 8 m over bakkenivå.

Nå vet vi at JBV jobbar vidare med dette alternativet, og vi har tipsa dei om at viss dei dreg kulverten ca. 100 meter lenger aust, og gir sporet ei stigning på ca. to prosent, slik som det er i deira forslag, treng ein ikkje fylle igjen Hamarbukta, og ein får eit 100 m breitt sund inn mot småbåthamna, som er 2 m djupt i vestkanten sommarstid. Og når det gamle sporet langs Strandgateparken blir fjerna, kan ein restaurere vasspegelen der inne slik den ein gong var, eller slik ein vil ha den i dag.

Da blir plutseleg dobbeltsporet og stasjonen ikkje ei hindring mellom byen og Mjøsa lenger, men skaper den kontakten og det samspelet mellom byen og sjøen som vi alle ønsker. Og stasjonen ligg der den er i dag.

 
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke