23. okt
 
Kva skjer i den norske rettsstaten?

0
Publisert: 04.mai.2015 04:00
Oppdatert: 04.mai.2015 07:20

Me har alle fylgt med i retten mot seks personar mistenkt for ulovlig ulvejakt. Starten på saka var dramatisk. 70 politifolk vart sende ut for å arrestera 12 personar mistenkt for ulovleg jakt. Etter forhøyr og nærmare undersøking vart seks slept fri, men mistanken vert ikkje sletta. Alle var sikta etter mafiaparagrafen og plassert i glattcelle.

I sakens gang vart den første som slapp med bakgrunn i at han hadde vore med på lovleg skadefelling. Dei andre vart slept ettersom dei ikkje kunne bevise ulovlege handlingar. Dei som var att hadde påtalemyndigheitene telefonavlytting der dei kunne oppfatte organisert handling mot rovdyr. Ulven hadde vore samtaleemne, og dette kunne ikkje myndigheiter tillate. I tiltalen var dette nemnt som grunnlag for faunakriminalitet.

Ulveforsvarar forlanga at dei seks måtte domfellast. Når eg som motstandar av frittlaupande rovdyr talar med kjenningar og vener, og talar negativt om rovdyrpolitikken slik han fortonar seg for folk i bygdene så er eg altså «faunakriminell». Dette tek eg ikkje så tungt, men det fell undring over at politirassiaen skulle skremma folk til å respektera fredinga og godtaka rovdyra sin «tilstedeverelse» i faunaen. Ingen vil høyra på at dei er ein stor forbruker av livet til ei rekke medskapningar.

Ser ein laushundar som driv husdyr eller vilt til daude kan eigar eller oppsynsfolk forlange hunden avliva og at hundeeigar betalar erstatning for skaden. Slik er det ikkje med rovdyra for dei er ein del av skaparverket. Det såg ut til at det kunne bli ei løysing på reduksjon av rovdyrtrykket med ei lengre jaktperiode med lisensjakt. Dette er eit skritt i rett lei. Men ein bør nok gjeva ein premi for kvart felt rovdyr slik at dei som bryr seg kan kjenna seg godkjent til arbeidet. Dette vil vera viktig serleg for dei fire store rovdyra. Dei er trugsmål mot mange artar meir utrydningstruga enn til dømes ulven.

Kven var det som sette i gang levenet? Mange peikar på rovdyrforskninga og seier landets fremste rovdyrforskar Petter Wabakken er bakgrunnen. Kanskje bør ulvegjetarane på Evenstad taka betre vare på ulven.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke