Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
21. sep
 
Kvifor er hedmarkingarså trege?

0
Publisert: 25.mai.2016 04:03
Oppdatert: 25.mai.2016 04:03

Som nyvald leiar i Noregs Mållag konstaterer eg at det går ein debatt på Hamar om dei to skriftspråka våre. Da er det godt at det finst eit solid Hamar Dialekt- og Mållag leia av Jens Haugan.

I eit innlegg 3. mai skriv Aud Elsfjorden om korleis ho lærte å bli glad i nynorsk ved å bruke Nordahl Rolfsens lesebok og Mads Bergs songbok. Det er det veldig godt å høyre. Så er ho kritisk til at nynorsk må puggast på skolen til bruk på eksamen og er redd at det øydelegg motivasjonen for faget. Mi erfaring som norsklektor i mitt eige og Mads Bergs heimfylke Østfold er at det er mogleg å lære elevar grammatikk utan at det blir ei trasig oppleving. Blant anna arrangerer vi konkurransar mellom klassane i å skrive korrekt nynorsk, legg stor vekt på den moderne norske dialektrocken og oppmuntrar elevane til å bruke Facebook på nynorsk.

Eg har familiebakgrunn i det som relativt sett er nærområdet til Hamar Arbeiderblad, i Rendalen. Som Fredrikstad-gut voks eg opp med å høyre hedmarks- og østerdalsdialekt i alle feriar i barndommen. Noko av språkengasjementet mitt kjem av dette. Eg tykkjer det er bortimot underleg at ikkje fleire prøver seg på å bruke nynorsk skriftmål i Prøysen-land og dalstroka innanfor. Nokre unntak finst jo – Halldis Moren Vesaas og Sigmund Løvåsen i Trysil, Ola Jonsmoen i Alvdal og Kristin Fridtun på Elverum – men stoda er like fullt at Elverum Mållag har 11 medlemmer og Trysil Mållag 6 medlemmer. Ein draum eg har som ny mållagsleiar er å få ein ny giv i dialekt- og målarbeid i Østerdalen. Det er viktig før dialekta forsvinn – og morosamt kan det bli, au. Kontakt meg/bli medlem i Noregs Mållag – vi er lette å finne på nettet.

Leiar i Noregs Mållag

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke