hacklink
17. sep
Likestilling: Det kjem til å bli behov for fleire omsorgsarbeidarar.
 
Kvinneyrke #thattoo
Det kjem til å bli stadig fleire i samfunnet som får behov for helse- og omsorgstenester i kvardagen.

Publisert: 15.feb.2018 16:50
Oppdatert: 15.feb.2018 16:59

Dette er ei kjend utfordring, og ein satsar derfor mykje på å få både ungdommar og vaksne til å utdanne seg til helsefagarbeidarar.

Omsorgsyrke har tradisjonelt vore såkalla «kvinneyrke». «Ho mor» har jo alltid teke seg av barna og mannen og alle rundt seg, og for å få tid til å all empatien og omsorga i familien var det jo kanskje greitt med ei lita stilling og litt økonomisk kompensasjon for å ta seg av andre som også trong hjelp.

Slik var det kanskje før, og dette fungerte kanskje før – i eit samfunn der det var menn som styrte, og der det var menn som skulle tene pengane i familien. Dagens samfunn er i utgangspunktet basert på likestilling mellom kjønna, og på at kvar av oss potensielt sett skal kunne forsørgje seg sjølv ut frå ei vanleg inntekt. I dagens samfunn der skilsmisse og samlivsbrot heller er regelen enn unntaket, er det dessutan lite strategisk å satse på at ein har nokon å dele utgiftene med fram til ein når pensjonsalderen.

Menn er ofte meir opptekne av status og pengar, og menn er underrepresenterte i omsorgsyrka. Derfor har ein til dømes offentlege satsingar som «Menn i helse» for å rekruttere fleire menn inn i sektoren. På prosjektsiden til «Menn i helse» kan ein lese at «92 prosent av de som har tatt fagbrev gjennom «Menn i helse» har fått en relevant jobb de kan leve av.»

Dette høyrest jo heilt fantastisk og freistande ut. Den offentlege kampanjen som prøver å få fleire elevar til å velje helsefag som yrkesutdanning, lover også ein meir eller mindre umetteleg jobbmarknad. Tyder dette ei trygg framtid i arbeidslivet?

I Hamar Arbeiderblad kunne ein 10. februar lese at gjennomsnittleg stillingsstorleik i omsorgstenesta i Hamar hadde auka til 57,64 prosent. Kven kan i fullt alvor og med godt samvit råde nokon til å utdanne seg til og satse på eit liv med stillingsprosentar frå 17-50 prosent og evig jakt etter ekstravakter? I kva målestokk er dette forhold som ein «kan leve av»?

Det er med svært blanda følelsar eg som mann les at ein gjev omskolerte, nyutdanna menn heile stillingar for å få fleire menn inn i omsorgsyrka – og for kjønnsmangfaldet sin del. Er ikkje dette enda eitt bevis på at menn fortener stillingar som dei kan leve av, mens det ikkje er så nøye med kvinnene?

Kanskje er det på tide med ein #thattoo-kampanje for å fokusere på likestilling, og kanskje bør ein oppfordre alle som vurderer omsorgsyrke, til å la vere å ta utdanning – heilt til samfunnet legg til rette for at ein faktisk kan få vanlege stillingar og lønnsforhold som dei fleste andre yrkesgruppene har.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke