Hesaplı Krediler Hızlı Krediler
hacklink
buy instagram followers
23. sep
Landbruk: Hamnehagar vart ledige etter at husdyrproduksjonen vart flytta til strok der grasproduksjon er det beste alternativet.Foto: Frank May, NTB scanpix
 
La bonden dyrka opp arealreserven
La Vien gard bestå, og la bonden dyrka opp arealreserven sin til meir kornproduksjon.

Publisert: 18.jan.2017 12:42
Oppdatert: 18.jan.2017 12:45

Eg ser i HA at bonden på Vien gard er villig til å dyrka opp eit tilsvarande areal viss han får lov til å la utbyggjarar ta over gardens noverande dyrkamark. Dette applauderer Frp, Høgre og tydelegvis Arbeidarpartiet. Dette skal liksom sukra pillen, gi inntrykk av at etter ei slik utbygging, vil vi ha like mykje matjord som før.

Dette er etter mi meining eit svært overflatisk syn på norsk landbruk og sjølvforsyning. Det er vanskeleg å skjøna at seriøse parti med og utan regjeringsmakt, skal tru at vi veljarar er så lettlurte at vi bit på slikt. Etter at mjølkeproduksjonen i stor grad vart flytta til strok der grasproduksjon var beste alternativet, vart det mange hamnehagar ledige i dei betre landbruksdistrikta våre, også her på Hedmarken. Kvifor dei ikkje alt er oppdyrka kan ein lura på.

Den svært låge prosenten av dyrkamark landet vårt har, kan altså aukast til ein viss grad ved å dyrka opp beitelandet kyrne har late etter seg. Dette er areal som det er like viktig å ta vare på som den oppdyrka jorda. Derfor er nedbygging nedbygging, uansett om bonden kan dyrka meir hamning ein annan stad. Eg kan ikkje sjå at det er eit brukbart argument i det heileteke. Det er like tvilsamt å byggja ned god beitemark som oppdyrka mark.

På meg verkar det som dette initiativet vi har sett i HA, er utløyst av trasévalet for dobbeltsporet gjennom Hamar. Er Vien tenkt som ein ny stad å etablera seg for alle dei verksemdene som blir huslause langs Vikingskipet og Flagstadelva når stasjon og dobbeltspor blir etablert ved Vikingskipet? Eg ser det som svært sannsynleg at politikarane i Hamar vil ha ein sentral stad for desse verksemdene når dei må flytta viss den austlege traséen blir vedteken. Eg skjønar at det er tungt å la dei gå til Rudshøgda, særleg brannstasjonen.

Her ser vi at det ikkje er berre jorda på Børstad og Tommelstad som blir truga av den austlege traseen, men også Vien gard, og kanskje enda fleire.

Etter mitt syn viser dette enda ein gong at det beste kompromisset i trasévalet, er ein senka kulvert i vest, som gjenskaper den gamle Hamarbukta, gir ein sentral stasjonsplassering, ikkje krev riving av hus og næringsbygg, ikkje trugar dyrkamark, og gir byen nærkontakt med Mjøsa.

 
Kommentarfeltet er stengt mellom
22:00 og 08:00
Siste nytt fra nyheter
Sjefredaktør:Carsten Bleness »
Nyhetsredaktør:John Arne Holmlund »
Digitalredaktør:Anne Ekornholmen »
Sportsredaktør:Rune Steen Hansen »
Kulturredaktør:Geir Vestad »

Kundeservice/abonnement:abo@h-a.no
HA arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. HA har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
 
HA bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her, og vår personvernerklæring her. Les mer om vilkår og samtykke